torsdag, juni 30, 2005

Dagens

Uff...
Alle har dratt på ferie...
Eg kjeeeeeedeeer meeg...................................................................

onsdag, juni 29, 2005

Kva er meininga med livet?

Dette er eit spørjesmål som ingen kan svare på: Kva er meininga med livet?

Ja, kva er meininga med livet? Skal me sitte og slappa av i den flotte sofaen i stova, mens me ser på ein 87 tommer widescreen, flatskjerm tv? Mens me høyrer på ein 2 meter høg bass musikk med nokre få lyder av ein trompet? Eller skal me finna på ein måte å komma opp til himlen for så og komma ned igjen?

Kva er meininga me livet? Eg berre spør eg!

mandag, juni 27, 2005

Dagens

Detta ville aldri skjedd på Tysnes

Dette vart sagt i ein av frittgåande Hope sketsjar, der dei diskuterte gruppesex (tabuord?).

Tør du seie ho imot?

søndag, juni 26, 2005

Dagens

I artikkelen om Njardar/Tysnes sitt 91-lag i nr. 22 kom me i skade for å skriva at Maria Resio er den einaste jenta på laget. Det stemmer ikkje. Silje Flakke spelar også på laget.
"Tysnes" orsakar feilen.

Dette var ein liten notis gøymd vekk mellom bursdag-annonsane i vår veldig lokale avis "Tysnes".
Eg synest det var litt artig, sidan Silje er eit medlem her på vår foreløpig namnlause blogg.
Det som var kuriositeten med denne notisen er at dei har har greidd å stava Maria sitt etternamn feil. Det skrives "Reiso".

Betyr det at dei må beklaga for beklagelsen?

lørdag, juni 25, 2005

Den morgonen då ...

Ein mandags morgon, sola skein ikkje, men himmelen var blå.
Snøen dalte ned i skjul, bakom fjellene.
Eg våkna av at ein gris stod på rommet mitt.
Det som var rart var at det ikkje var den vanlege grisen,
men ein annan. Hmm ... tenkte eg!
Kva skjedde med den forrige grisen?
Ikkje greit å sei! Eg satte meg opp i skapet,
Såg på stjerna som hang i toppen av dyna!
Den same gamle dyne, og stjerna.
Eg tok på meg buksa, som hadde ermer,
og genseren med buksebein. Sokkane på hovudet,
og lua på føttene.
Eg gjekk opp trappa for å ete frukost i første etasje.
(eg hadde rom i andre.) Men sprang fort ned att
då eg fann ut at mamma hadde teke feil dag,
det var ikkje skule i dag.
Eg gjekk fint opp at for å ete frukost,
eg fekk ikkje tid den forrige gongen.
Eg åt to skjever med tannkrem og etterpå
måtte eg pusse tennene med leverpostei,
for det sa mamma!
Eg gjekk ut døra for å nå bussen
som skulle inn til by'n.
Kva eg skulle i by'n, veit eg ikkje.
Men alt gjekk galt då eg snubla i tårnet
som stod i hagen.
Eg måtte på sjukehus med ein gong
og operera vekk håret mitt.
Ikkje noko særleg ...


Dette var altså den dagen då alt gjekk galt.
(i alle fall nesten alt,
det skjedde ingenting då eg åt ...)

fredag, juni 24, 2005

Dagens

Eg tenkte at det no var på tide å forfriska bloggen med eit nytt innlegg, eit som er heilt utan meining.
For det er ein tanke somhar streifa meg:
Kva viss Jimi Hendrix hadde sunge på nynorsk?
For det har seg sånn at Faderen fann ei sida som hadde trekkspelversjonar av voodoo child, purple haze, og alle dei kjende songane av Legenden Hendrix..
For meg var det ein makaber slakting av god musikk, og ein skam for alle musikkjennere.
Men viss det er mogleg, så må det vel gå an å laga heavyversjonar av Odd Njordstoga sina klassikere. Det hadde vore noko, det!

Og så var det namnet på bloggen.
Frå Silje og ThJomas har eg høyrt berre syting og ingen forslag, og fram til no har det berre vore eg som har prøvd å finna brukelege idèar, utan suksess.
Så eg vil fortsetja å leggja inn namn som vil irritera Masarane, heilt til eg får eit forslag me alle kan vera samde om.

torsdag, juni 23, 2005

Navn på bloggen! (igjen)

Eg vil meddela det at eg lika kje navnet på bloggen! Det er for så vidt greitt nok, men.. Vestlandslefso e jo bandet til Ketil og Roger.. Kva med meg og Silje? Me e kje me i Veslandslefso... dessuten har jo bandet hatt sin siste stund for lenge si, om dåke fatte?

Eg tykkjer me skulle få eit nytt navn. Og det har me for ever!

Forslag?? Og kje ver beskjedne no då.. Forje gong gjekk d kje så bra..

søndag, juni 19, 2005

Skuleslutt

Eg har no lagt bak meg 9 år med skule, og er klar for 9 nye år. Gjennom desse åra har eg hatt eitt mål framføre meg: å verta ferdig med grunnskulen. No når dette endeleg har skjedd, føler eg ikkje den tilfredsstillinga eg i førstninga trudde eg ville føla. Kva skal eg no sjå fram mot? Korleis vil det gå med dei andre i klassen etter ungdomsskulen? Vil eg sjå alle att?

Det føles meir som eit tomrom enn som ei glede. Eg trur aldri mennesket vert nøgd med det ein har. Ein vil alltid ha noko meir, eller skifta noko ut. Dagens mennesker manglar higrar etter alt, men jo meir dei får, jo meir vil dei ha. Eg er ikkje noko betre enn dei andre.

Eg vil visa til eit dikt eg las her om dagen:

"Trudde eg skulle bli lukkeleg
For pengar kan ein få alt, heiter det.
Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
grå hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal."

Dette har kanskje ikkje så mykje med skuleslutten min å gjera, men det eg vil fram til er at ein lett kan gløyma kor heldig ein har vore. Eg har hatt venar med meg heile grunnskulen, og no er det heilt slutt på dette. Eg må starta på nytt att.
Venar kan ikkje kjøpast for pengar.
-----------------

Dette var kanskje eit dårleg innlegg, men eg måtte bare få det ut. Beklager.

lørdag, juni 18, 2005

Dagens

Det er heilt utruleg korleis menneska greier å tilpassa til einkvart kunstig miljø det vert satt i, for eksempel viss eit viktig ledd i ein familie skuule mangle, så vil dei andre i familien tilpasse seg og ta på seg pliktane til det manglande familiemedlemmet.
Sånt kan då føra til ei reinare tilværing og større sjølvtillit i samfunnet.

Med andre ord: eg har tatt ut bosset i dag.

fredag, juni 17, 2005

Up and go! - Bare en bleie "sort"?

Hva er det som gjør at en blir så "inspirert" av "Up and go"-bleiene? Jeg fatter bare ikke det!
Hva så, den er komfirtabel?
Hva så, den er enkel å ta på?
Hva så, den gir deg lettere bevegelser med den på?
Hva så, jeg også fikk lyst til å ta den på?
Hva så?

Det er bare det at jeg tror utviklingene av reklamene til "Up and go"-bleiene drar litt for langt!
Den er komfirtabel, den er enkel å ta på, den gir deg lettere bevegelser, den får voksne folk som meg til å få lysten til å ta den på!
MEN! Det er mer!
Den har nå ikkje bare utviklet seg til å vere en bleie "sort",
men en inspirasjon for barn. Og voksne! Den burde bli rankert tilbake til å vere bare - en bleie "sort"!

Eller hva mener du?

Si din mening nå!!

MVH
Terje Bakke!

torsdag, juni 16, 2005

Draumejobben?

Nja, eg ville no ha ikkje sagt det i går. Men i dag var det veldig kjekt, og det er nettopp i dag eg skal skriva om. I dag.

I dag (begynner du å verta lei?) vart det då min tur til å skriva om dei forskjellige hendinga frå arbeidslivet; positive hendingar.
For i dag fekk me (eg og Silje) sjå korleis det er meint at kafèen Hos Hanne er meint at den skal vera. I dag var det torsdag, òg kjend som den koselege middagsdagen.
Me vart med ein gong satt til arbeid då me kom (i tide og greier) for i dag skulle det lagast komler.
Det kom etter kvart fleire betalande middagsgjester som skapte ein hyggjeleg atmosfære, og me fekk oppleva glamouren med å jobba å kafè.
Mint!
Eg fann ut kva eg ska gjera i heile sommar (avis og kaffi), og det var stort sett det eg gjorde i dag.

Det har vore snakk om hygienen på kjøkenet, og herved beklager eg, for me har nok overdrive i ekte pondus-stil. For det er reint det og hygienisk der. Heile tida. Me hadde nok berre ein uheldig fyrste arbeidsdag.

Og så var det nokre andre saker eg ville ta opp, angåande bloggen.
Det fyrste eg gjorde då eg kom, var å sletta to innlegg.
Det fyrste var skrive av ThJomas, og heilt meiningslaust.
Det andre trudde eg var skrive av Silje, men faktisk var det eks-medlem Vidar som hadde fått tak i Silje sitt passord, for å så skriva eit komplett idiotisk innlegg.
Silje, viss ikkje du skifter passord, sletter eg deg. Passordet er der av ein god grunn!

tirsdag, juni 14, 2005

Den kjekke opplevelsen!

Eg var ferdig med lunchen! Eg gjekk ut av daglegstova (noken vil kalla da kaffibaren! Men, men..) Eg gjekk i alle fall ut i hangaren. Venta på at Magnar(svogeren min) skulle komma. For me jobba egentlig i bonkersen ved siden av hangaren. Men så venta han på noken andre. Det var visst to helikopter pilotar. Kofor, visste eg ikkje med ein gong? Hmm, tenkte eg. No skal han sikkert snakka med dei om forskjellige ting.
Men så sa han til meg: - Komme du?
Eg nølte, kva skulle eg gjer? Eg kunne ikkje anna enn å følga etter.
Me gjekk bort til eit av helikoptera. Så sa den eine helikopter-piloten: - Eg skal då gi dåke ein brief om sikkerhet og litt OM helikopteret.
Eg skjønte egentlig då at eg skulle få ver me på ein helikopter-tur. Men det var ikkje berre eg som skulle vera med. Det var ein annan i luftforsvaret, med dattera si, og meg og Magnar.
Piloten babla vidare om sikkerhet og om hodetelefonane og dørene osv.
Eg tenkte på andre ting. Slik som: Yes! Endelig skal eg få ver me oppi eit helikopter(for første gong)!
Me fekk nokre øyreproppar som me skulle ha på sjølv om me hadde hodetelefon på. Lika så greit tenkte eg.
Men å få dei inni var ein annan ting!
(For dei som går på skulen min, så skal eg visa dei dei muligens på mandag. Men for dåke andre: så veit eg ikkje, alt dåke trenge å veta er at det var vanskelig å få dei inni øyra!)
Me satte oss inni helikopteret. Wow! Deilig følelse!
Då alle hadde satte seg inn, starta pilotane helikopteret. Men me flaug ikkje med ein gong. Dei berre snakka litt. Forsikra seg om forskjellige ting! Men men.
Då me letta kom me fort opp i 150km/t.. og me var vel oppi 200km/t på ein del av turen òg tenkjer eg.
På grunn av dårleg vèr kunne me ikkje fly så lavt som me hadde tenkt, og fly-ruta var annleis enn planlagt også. Men me besøkte nå forskjellige deler av vestfold! Hehe. Me flaug øve, for dei som er interesserte, staden der den kjente båten "Blücher" vart senka! Det var litt tøft. Og over Drøbakk!
Pilotane flaug litt sikk sakk, og litt sånn opp og ned, det var ganske tøft. Det føltes ut som eg var i ein berg og dal bane.
Då eg letta med helikopteret føltes det òg ut som om eg var i ein berg og dal bane. Det var rett og slett dødstøft!
Piloten lærte meg litt om instrumenta. Så no kan eg ein god del om helikopter, om instrumenta, og om sikkerheten.

Alt detta, og ting som eg har opplevd før, og min lyst på å fly helikopter gjer slik at eg vil sterkt bli helikopter-pilot!


PS:
Til dei interesserte:
Viss dåke vil veta meir om helikopter, eller rett og slett om luftforsvaret: Spør meg! Eg svare gjerne på alle spørsmål! Om det er eit spørsmål eg kan svara på? Det er eit spørsmål for seg sjølv. Nei, da. Eg skal snakka med Magnar(svoger'n) og få prøva å få svar på mest mulig! Takk for oppmerksomheten!

Link:
www.luftforsvaret.no
Der finn du litt om luftforsvaret!
Men for all del: Spør om da er noke du lure på!

mandag, juni 13, 2005

Namn på bloggen vår!

Eg tykkjer det er ganske teit at du, administrator Ketil, skal skifte namn på bloggen heile tida. Eg tykkjer det er ganske teit. Kan me ikkje ha same namn heile tida då? Det tykkjer eg. Og det skal ikkje vere "Blogg Røynda".

Er det noken som har forslag til eit bra namn?

Danke schön!

søndag, juni 12, 2005

Radio Røynda, Finn Erix!

Som dei fleste veit, skal eg og Ketil jobba "Hos Hanne" i arbeidsveka kommande veke. Men sidan Radio Røynda skulle ha eit show lørdagen før arbeidsveka, var Ketil så lur at han spurde Hanne om me jobba der då. Dette fekk me sjølvsagt lov til. Då me kom i 19.00 tida, vart me geleida inn på kjøkenet. Det såg ikkje ut der inne! Eg har aldri sett eit så ureinsleg kjøken. Astrid Helen hadde sikkert besvimt viss ho hadde sett det synet me uheldigvis fekk sjå. Så me begynte selvfølgeleg å "shina" opp kjøkenet. Etter at me var ferdig kunne me sjå at komfyren faktisk var kvit, og ikkje brun.

Rett før sjølve showet skulle til å starte, satt eg og Ketil å såg på det merkelege publikumet. Heilt nederst i hjørna, satt det ein mann og sov. "Herliga London", tenkte eg. Showet begynte og Radio Røynda entra "scenen". Dei begynte med "Smoke OnThe Water, og gjennom heile showet var dei innom: "Hjørdis med h", "Fretex fantasien", Harry Potter som trylla, dei hadde basar, historien om Arne og Øystein som vart fråstjålen 70 000 kroner av nåken stripparar, "Erotiske dansar frå ulike verdsdelar, Led Zeppelins: Stairway To Heaven, om forteljarglede (Arne eller Øystein på 92 år fortalde på skikkelig sognedialekt, me skjøne ikkje kva han sa, delvis fordi han hadde latterkrampe gjennom heile opptaket, og delvis for han snakka på sognedialekt, veldig fort. Viss eg glømte noko, må du retta på da, Ketil.

Det heile var jysla morosamt. Særleg på grunn av bassisten tok nokre spesielle dansesteg når han spelte, eller då han som spelte gitar og orgel, spelte med føttene, og ropte: "Variete!". Heile Radio Røynda var heilt geniale.

Etter showet, hjalp eg og Ketil til med å "laga mat". Eg serverte bandet, og det enda opp med at eg måtte sitta på fanget til Tokvam, (vokalisten), fordi Kåre skulle sa at eg måtte sitta meg der fordi han skulle ta eit bilete. Det var litt skummelt, fordi heile gjengen var fulle, og dei satt der og skreik og banna til kvarandre.

Det var den kvelden.. Ein minnerik opplevelse.

lørdag, juni 11, 2005

Dagens

I dag, då eg tok ein dusj, merka eg at shampoen hadde ein mistenkeleg sterk gul farge.

Kanskje mamma har hatt andaegg oppi?

fredag, juni 10, 2005

Du åt meg!

Eg tok mine
små
bein. Innpå
den kvite og
svarte båten.
Han var
stor,
nett som
ein kval.
Din mage
rumla og
bråkte. Eg trudde
du var svolten,
men det var du
ikkje. Du
åt jo seksten
bilar og to menn.
Einkvar kval
var mett av den.
Du var nok
sjuk. Du
spytta oss jo
ut. Det forunderlegaste
var, det var jo her
eg skulle dra.
Du er nok synsk,
min store venn!

PS dette diktet hadde eg planar om å gi til ferga på hodnaneset.
Men eg måtte på ein måte spørja dykk!
Kva dykk syns om det??

torsdag, juni 09, 2005

Du kan ikke!

Du kan
ikke. For du er tykk.
Du er
ikke
tynn!
Jeg går
vor jeg vil!
Men ikke
du.
For du er tykk! Jeg
kan gå
opp
en
smal
trappe-
gang,
men
ikke du.
Du er
tykk!
Jeg er
tynn!

Dagens syndeflod

Det høljer ned i bøtter og spann her på Tysnes (iallefall her i Våge), og eg frykter Vågskjødnet.
Eg frykter ein auka vassbestand som kan resultere i Våge sin syndeflod.
Eg frykter at Våge vil bli det neste Pompeii og Atlantis.
Og viss ikkje me skal få lida av det klassiske vsetlandsveret, så vil skulen alltid ha noko i baklomma som vil presse hjernen din saman til ein nøtt som du dagen etterpå skal bruka på ein avsindig lang prøve.
Denne gongen kjeme syndefloden til oss i form av munnleg tentamen.
Eigentleg skulle eg ha sete med ei norskbok og trøytt tryne og lese "ivrig", men eg merker at eg får gjort så masse meir, sånn som å skriva dette innlegget.
Kanskje burde me alle levd i ei konstant frykt for skulen og staten, for då gjer me kva som helst for å få tankane vekk ifrå det.
Men når eg tenkjer meg etter, så er det vel det me gjer.

onsdag, juni 08, 2005

For smarte?

Jau, det trur eg. Eg syns han er for smart til å berre! gå i niande klasse. Men det er jo sjølvsagt kjekt å gå i klasse med deg, kjære Ketil. Berre idag fekk Ketil 4 6arar! 4!!! Han fekk 6 på matten, der eg fekk 3+.. Hehe.. Han fekk 6 på historie innleveringo, heimkunnskapen og engelsken.

Ja, Thomas og er smart. Eg må nesten innrømma da. Eg føle meg ganske dum når dei får så bra karakterar, heile tida.. Men sånn e livet.

Takk Gud for at meg og Maria ikkje kom opp i matte i munnleg tentamen! Då hadde me fått stryk. Hehe..

Takk for meg:)

Jippi!!!

Bloggen har fått ny utsjånad!!

Oppdateringar frå vårt liv.

Det har vore litt fram og tilbake på bloggen i det siste, der Roger har skrive eit kåseri, ThJomas ein sjølvbiografi og eg ei novelle. Silje har stått for kommentarane.
Dette innlegget er ein skulerelatert oppdatering på våre akademiske liv, for det har seg sånn at eksamens- og tentamenstida er nesten ferdig og karakterane begynner å strøyma på.
Berre i dag fek eg utlevert fem karakterar, mens Silje og ThJomase fekk utlevert fire (eg har tysk). Roger har hatt unnleg i dag, og kom opp i engelsk. Resultatet veit eg ikkje endå, men det er jo Roger, så det gjekk sikkert bra.

Roger hadde forresten bursdag i går, så bloggen gratulerer han med overstått!!

Eg og ThJomas kom opp i norsk, mens Silje kom opp i historie. Sjølve eksamineringa skal foregå på fredag.

Til då så takkar eg for meg!

mandag, juni 06, 2005

Okkupasjon av Noreg?

Eg vil bare få låv til å dela nokre tankar som har slått meg i det siste.

I anledning feiringa av unionsoppløysinga, kjem det eit STORT skip på vitjing til Kongeriket Noreg. Dette skipet (som er sent frå USA) har med seg 36 stridshellikopter, 1900 soldadar, og eit utall med mindre stridsfartøy.

I tillegg til dette, er det kome fleire 100 stridsvogner frå Nederland og Tyskland, grunna ein øving.

Men her er det grunn til mistru. Det er eit kjend fenomen at det norske forsvaret er under ombygnad, og at det ikkje akkuratt er på sitt sterkaste. Derfor er det jo eit perfekt tidspunkt for ei eliminering av landet. Det skulle ikkje forundra meg om USA vil ta over landet vårt, for å få olja, og bruker "feiring av unionsoppløysinga" som eit dekknavn. For kva har vel den ville vesten med dette å gjera? Sjølvsagt har dei også fått med seg Tyskland, som er eit etterkvart drevet krigsland. Kvifor Nederland vart med har eg ikkje funne svar på.

Men uansett: Stridsvognene til Nederland og Tyskland vil angripa frå Nord, og helikopter og båtar frå Sør, og i løpet av natta vil Noreg verta okkupert. Det har skjedd før, og det kan skje om att.

Så mitt råd er: Finn alle eigendelar som står dykk nær, samla familie og venar, og gjøm dykk under bakken til det er trygt. Godnatt.

søndag, juni 05, 2005

Min Sjølvbiografi!

Del 3 av 3. (Siste del)
I dagens liv har eg det hardt! Eit liv der eg om natta, ikkje klarer å sove. Må attpåtil stå opp kl. 07.00 for å rekka bussen 07.15! Og kl. 08.10-13.40 er på ein slitsom skule med vondt i hovudet mesteparten av dagen. Og om ettermiddagen sit eg og speler playstation 2, fordi eg ikkje har noko anna å gjere! Slik har det vore i dei fleste dagane no i det siste.

Og kjærleiken, ja den er det ikkje mykje å sei om. Berre det at eg er vel mislikt av dei fleste jenter.. Av ein elle annan grunn. Eg har faktisk ikkje gjort noko gale. Vel det er for å sei det med andre ord, ikkje min feil! For dei som vil veta meir, så må dåke berre spør (sjølv om eg ikkje trur dåke er interreserte).

Før den tida som eg snakka om i første avsnitt, lagde eg sangar! Dei heitte(For dei som vil veta da): ”I have a Dream!”, ”Meaning of Life” og ”We were Ment for etch other”!
Eg held på med ein sang som eg skal kalla ”Love is Great!”

For dei som ikkje vil veta ka sangane heite, hopp øve det forrige avsnittet!

Takk for følge!=) Og ha ei god tid framover!:D

lørdag, juni 04, 2005

Språknerden slår til igjen!!

Etter å ha lese gjennon det vekentlege Tysnes ser eg ein liten reklame på siste side, påkosta av ICA. Der er det reklame for det meste, òg nypoteter.
Men det er overskrifta til nypotetene eg finner interessant:
Nye poteter


Er det eg eller reklamen som tar feil?

fredag, juni 03, 2005

Gårsdagens sjakkbrett.

Som lova, så leggjer me ut ein av våre stiler, men uteblir namn og karakter. Eg veit ikkje heilt kvifor. Stilen er på bokmål.


-Hei, sa hun.

Det var på dette tidspunkt at han skulle svare med et høflig ”hallo”, men han fikk det ikke til.

Han var tom for ord.

-Hei, prøvde hun igjen, i håp om å få et svar.

-Hallo, sa han endelig, etter å ha våknet fra transen.

Han begynte så å få panikk, for han hadde helt glømt hans ærend i denne litt pinlige

Telefonsamtalen han befant seg i.

Han lot noen sekund gå i fra seg, og la så på.

Dette var hans første møte med den eksotiske kvinnen.

Det ble etter hvert flere møter, hvorav hver telefonsamtale ble litt mer personlig enn den forrige.

De hadde begge hver sin bakgrunn å forholde seg til, og et forhold, i det hele et samhold,

Var utenkelig på den tiden. Det var utenkelig i det siviliserte samfunnet som de begge bodde,

Pustet og eksisterte i.

Første gangen de møttes, var det mannen som hadde ringt feil.

Han ble lamslått av hennes fløyelsmyke stemme, og hadde så lyst til å høre den igjen.

Derfor ringte han feil for en andre gang, og andreinntrykket var heldigvis bedre enn

Førsteinntrykket.

Den tredje gangen trengte han ikke å ringe feil.

De ringte til hverandre for å ha noen å snakke med, for å søke støtte og trøst, for å søke latter og glede, for å ha en god venn.

Etter hvert ble mannen mer og mer forelsket, og hadde så inderlig lyst til å møte

Denne fantastiske kvinnen.

-Når kan jeg få møte deg? spurde mannen forsiktig.

Kvinnen var ikke forberedt på noe sånt, og visste ikke hva hun skulle svare.

Hun var redd for det ukjente, selv om hun var blitt godt kjent med stemmen i telefonen.

Mannen ventet fremdeles på et svar. Han visste ikke hva svaret ville bli,

Men vill likevel ha et svar.

Kvinnen lot minuttene gå, fylt med pinlige pauser og nervøsitet.

-Ja, sa hun til slutt. –Jeg kan møte deg.

Mannens hjerte og tanker ble straks fylt med glede.

For første gang i sitt liv hadde han elsket en annen enn seg selv.

De avtalte å møtes på en bestemt plass, til en bestemt tid.

De skulle ha hver sin rose i hånden for å kunne identifisere hverandre.

De var veldig spente, begge to.

En kald vintermorgen møttes to skikkelser.

De møttes begge i soloppgangens time, og det vakre landskapet fikk alt annet enn snøen til å smelte..

Dene ene var en sterk kontrast til den hvite snøen, og hun la ikke skjul på det.

De stod der, lenge, og visste ikkje hva de skulle si.

De var begge veldig overrasket, og hadde begge igjen mistet ord og mæle.

-Hei, sa kvinnen til slutt.

Hun var glad for å kunne sette et ansikt til ordene.

Fremdeles var mannen stille. Visste ikke hva han skulle si.

Så snudde han, og gikk sin vei.

Tilbake til ensomheten.

Alt som var igjen etter han, var rosen som lå og visnet i snøen.

Det var rosen som skulle bekrefte deres kjærlighet og vennskap,

men i stedet fikk den bare blod og tårer til å renne.

torsdag, juni 02, 2005

Min sjølvbiografi!

Del 2 av 3.
Opp igjennom åra har eg opplevd ein heil masse. Eg har skada meg ofte, men var like blid for det! Disse minnene om skader, ber eg med meg den dag i dag. Så vidt eg sjølv veit, så har eg tre arr berre i panna. Og eg vil alltid huske den dagen eg datt ned fra kjøkenbenken. Og den gangen eg datt ned stein-trappa ute i det gamle huset mitt. Dette ber eg med meg kvar dag.Mine søsken, som alle er eldre enn meg, har sagt at eg finn alltid på noko. Men så er det slik: Dei har gjort det før! Eg gjorde tingene utan å tenke over at dei hadde gjort da, og utan å villa dette sjølv. Slik som å få saftige arr, men så.. det har jo Jan Ove gjort! (broder’n) Eg har brukt egentlig mi tid på å følga etter andre.. Og no til å begynna med i denne tida har eg gått min egen vei..

Følg med neste gang.. Då kjem min nåtids biografi..


PS. Mine delar av sjølvbiografien min er kanskje litt små.. men eg ikkje gidda å skriva heilt detaljert heller.. så følg med og ikkje gå glipp av noke..

onsdag, juni 01, 2005

Underlege kommantarar på H.K. Og sånt..

Etter nesten eit heilt fullført skuleår med heimkunnskap, må me nesten mimra litt. Astrid Helen er meget flink til å seie dei mest underlegaste kommentarane og setningane ein kan tenkja seg, til dei merklegaste situasjonar. Som for eksempel: "Send bosset til Paris, Anders" - "For at vaflane skal sjå best ut, er det best me tek sakso, og frisørerar kantane". Æh, meir kom eg ikkje på i farten... Kanskje dei som no går i 9 klasse kan hjelpa meg litt her?...

Me må jo sjølvsagt ikkje gløyma alt ho seier om dotter si, Ingse. Ho har sagt så mykje løye at eg holdt på å daua av latter. Ingse ditt og Ingse datt. Hehe.. Nei, me har hatt på kjekt på heimkunnskapskjøkenet. Idag var nest siste gangen. Neste onsdag skal me ha ei slags avslutning, då skal Astrid Helen ta og varma alt me har spart i den merkelege frysen på h.k. kjøkenet, og gje alt til oss. Da sa ho vertfall til meg idag, og me gledar oss:)

"Min Sjølvbiografi!"

Del 1 av 3.

Det skjedde ein stormfull natt, i september, 1990. Det var den 15. om du huskar rett? Ein liten gut blei fødd! Ja, eg meiner det! Ein liten gut vart faktisk fødd! Og denne guten fekk namnet Brandsæter. Thomas Brandsæter! Han var ikkje ein ondskapsfull gut. Men ein snill og skjønn liten gut. Ja, det var han.

(neste gang er det meir for dei som syntes denne var litt kort)

Forts. følger.

Mitt liv! (Førespørsmål..)

Eg hadde i mine planer å skrive ein sjølvbiografi.

Men eg ville ikkje skrive den,
utanom viss det er "publikum",
altså dykk som sit i ein nydelig stol og ser på denne tåpelege skjermen,
som vil dette!
Eg seier ikkje det at bloggen er tåpeleg,
eg seier at skjermen du ser på er tåpelig!

Ja, ja. Tilbake til mitt spørsmål: Vil dykk la meg få skrive ein sjølvbiografi?

Svar enkelt og greit: Ja eller nei!