Dagens syndeflod
Det høljer ned i bøtter og spann her på Tysnes (iallefall her i Våge), og eg frykter Vågskjødnet.
Eg frykter ein auka vassbestand som kan resultere i Våge sin syndeflod.
Eg frykter at Våge vil bli det neste Pompeii og Atlantis.
Og viss ikkje me skal få lida av det klassiske vsetlandsveret, så vil skulen alltid ha noko i baklomma som vil presse hjernen din saman til ein nøtt som du dagen etterpå skal bruka på ein avsindig lang prøve.
Denne gongen kjeme syndefloden til oss i form av munnleg tentamen.
Eigentleg skulle eg ha sete med ei norskbok og trøytt tryne og lese "ivrig", men eg merker at eg får gjort så masse meir, sånn som å skriva dette innlegget.
Kanskje burde me alle levd i ei konstant frykt for skulen og staten, for då gjer me kva som helst for å få tankane vekk ifrå det.
Men når eg tenkjer meg etter, så er det vel det me gjer.

6 Comments:
Hei, svoger, eg skjønar angsten din, men kan beroliga deg. Etter syndefloda sa nemleg Gud:
"Det skal stå fast at når eg fører skyer over jorda, og regnbogen kjem til syne i skya, då skal eg koma i hug pakta mi mellom meg og dykk og kvar levande skapning av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir bli ein flaum som øydelegg alt kjøt."
Gud være med oss
Regn er greit når ein er innandørs. Eg, derimot, som jobba utandørs for kommunen på dette tidspunkt, kunne sverga på at det svømte ein fisk forbi hovudet mitt.
Då regnskuren var over måtte vi plukke glasmaneter og sild frå dei kommunale grasplenane, og eg rista til saman heile tretten reker ut av buksa.
Som Liv ville sagt med ei oppgitt mine: "Kommunen...!"
Etter at Mads traff pappa, har han fått ein tendens til å overdrive alt kraftig. Å-åo!
Øøøyh! Eg overdriv ikkje!
Legg inn en kommentar
<< Home