mandag, mars 17, 2008

Grotesk underhaldning, helst i påsken

I dag vil eg skrive på bloggen min!
Tenkte eg, og lagte meg ein kopp te.
Eg er på Tysnes, og etter å ha vore eit heilt døgn på øya, kjem det fram visse kjensler.
Som kjensla om at eg ikkje har gjort noko som helst i dag; eg har eigentleg gjort noko, og delar av det var fornuftig og nyttig, men til tross for det så går eg lett inn i ein endelaus sirkel med tiltakslause på Tysnes. Kanskje det er presset frå sjølvutnemnte arbeidsgjevarar som gjer det - at noko alltid må bli gjort, men sjeldan tar det eigentleg meir enn 10 minutt - eller det at eg for det meste har heldt meg i det same området sidan eg stod opp (området er alt mellom soverommet og badet).
Uansett, det eg ville fortelje om som eg har gjort i dag, er relatert til påsken: eg har lese ei bok.
Eller, eg har framleis nokre sider att, men dei akter eg å gjere meg ferdig med så snart eg har blogga ferdig. Men problemet ligg i at det berre er ei bok, ikkje ein krim fylt med mord i familien og underleg kledde leksikon som røyker pipe; det er ein thriller. Trur eg, i alle fall. Det er den næraste karakteriseringa av Dødsspillet av Stephen King eg kjem.
Premisset for historia er i alle fall slik: 100 ungdomar i Amerika deltek i ein årleg marsj arrangert av staten. Staten er USA, men har ein del DDR-tendensar.
Marsjen har berre èin vinnar, resten vert skoten av militære følgjer, og publikum heier for kvart skot. Det er ganske groteskt, og er sikkert berre èi stor satire mot det amerikanske samfunnet (samstundes som det kjem borti filosofiske undertonar angåande døden), men eg er altfor trøytt til å ta for meg noko sånt i ferien.
Boka minnar meg veldig sterkt om den japanske splatter- og kultfilmen Battle Royal, der ein skuleklasse vert sendt til ei øy, spreidd utover med kvart sitt våpen, og den som står att som den gjenlevande er vinnaren. Er det ikkje ein vinnar innan to døgn (?), vert alle skotne.

Poenget mitt med alt dette (eg kan ikkje vere særleg god på dette med blogging når eg stadig må forklara poenga mine) er å anbefale desse groteske historiane, og innføre ei ny tradisjon for påsken: Ver inne og gjer det du vil, eller ver ute og gjer det du vil. Eg ville lese ei bok.

Ja, og takk for alle gåvene eg fekk til bursdagen!
Eg er for tiltakslaus til å sende ut personlege helsingar. No skal eg lese i boka mi.

mandag, januar 21, 2008

Ynskjelista til bursdagen min!

Eg blir jo 18 og allting.

Denne gongen har eg mangen konkrete og enkle ynskjer fordi eg har mangen konkrete og enkle behov, og ein god del treng eg faktisk:

-Store, behagelege, kvite putar til sofaen (nei, eg kaster ikkje ut dine, Jorunn, dei set eg stor pris på)
-Dørslag (der er eit fint, svart eit på åhlens)
-Djup steikepanne som eg òg kan koke i m/lok (ikea og åhlens)
-Gryte sånn ca 5 l som eg kan lage mat til fleire enn meg i
-Kvitt dynetrekk, veldig fint med eit som ikkje tiltrekk seg for mykje støv (teppet mitt er støvete)
-Eit nytt, svart teppe til sofaen som ikkje genererer så ekstremt med støv som det eg har no (+ at mamma får sitt tilbake)
-Tekoppar? jada. Størrelse: stor
-Wii points (for dei som sliter)

Dei som gjev meg noko eg kan lage mat i skal eg lage mat til. (høyrtes nesten bibelsk ut)

Så dei meir større gåvene (det er fleire, ja):
-wah wah-pedal eller rytmebrett med elektronisk wah wah (trur det var rytmebrett det heitte. Spør Mads)
-Ipod? eller ein annan god mp3-spelar? Mobilen min kan bli litt kronglete til tider, men det er absolutt ikkje nødvendig med ny
-Så eit ynskje som vil skape debatt (men sidan eg fekk moccamaster når eg allereie hadde ei presskanne OG espressokanne, kan det ikkje vere så kontroversielt, logisk tenkt - sjølv om logikk er relativt kremt kremt): Ein liten oppvaskmaskin. Naive fedre forstår ikkje kor mykje det ville hjelpt i kvardagen.

Så kom eg eigentleg ikkje på meir.

Ingvild: legg ut di ynskjeliste, helst før bursdagen din!

mandag, desember 03, 2007

I siste liten-ynskjer

Fann nokre småting eg kom på at eg ynskja meg no nyleg:

The Gospel of the Flying Spaghetti Monster
- Ein ny type bibel (bok, altså)

Ei bordlampe til bordet mitt når eg skal gjere lekser (type ikea?)

Store (!) og mjuke (!) puter, helst kvite (til sofaen)

iPod? Eg slenger denne inn berre for å slenge han inn

Wii points card (google det)


Det var ein ting til....

Eg kjeme sikkert på det seinare.

tirsdag, november 13, 2007

Urettferdig

Dei har sperra kontoen min på facebook! Ok, dei har kanskje ikkje det, men kvar gong eg loggar meg på, får eg ein liten, rosa plakett om at dei driv med "site maintenance"....
Sidevedlikehald, altså. Gudane veit kva det er, for det ser berre ut til at det er min konto som er ramma.
Eg er kanskje litt for masse innpå.... Så eg har godt av det.

Men dei kan ikkje berre gjere slikt utan vidare, eg hadde ein melding i innboksen min som eg berre måååå lese.....

Ynskjeliste!

For å seie det rett ut til mamma og pappa: eg ynskjer meg så veldig mykje ein moccamaster! Ein raud eller svart ein.
Då var det overstått.
Elles ynskjer eg meg nye klede, jo, det gjer eg, og sjokolade er veldig godt.
Oooooog ehm spel? Kanskje? njada, sikkert, men filmar og sånt er veldig stas!
Wah-wah-pedal, sånt effektbrett med pedal? Dette er nok usannsynleg, men eg ynskjer likavel i veg.

Men aller mest ynskjer eg meg ei overrasking:) det er den beste gåva

søndag, oktober 07, 2007

Oppdateringar når eg ikkje vil gjere lekser

Av og til forbauser eg meg sjølv med evner eg ikkje visste eg hadde - dette kjem særleg fram på hybelen når eg ikkje har hatt tid eller høve til å kjøpe inn noko av mat og skapa er heilt tomme, for eg finn alltid noko eteleg; sidan middag på Tysnes klokka 2 i dag har eg levd på kaffe te, og til kvelds skal eg ha kokt ris.
Eg burde hatt eit eige program på national geographic ala dei "survival techniques"-programma der eg lerer unge, single menn å leve åleine for fyrste gong i livet sitt.
Ser allereie for meg høgdepunkt som "kor ein finn all maten - butikkane" og "grandiosa -korleis vere tidseffektiv". Jassåmenja. Men eg eter sunt, berre sånn at det er sagt.

I morgon er det skule att, og etterpå (eller i pausen - me har latterleg lange pausar på skulen) skal eg kjøpe meg ovn til hybelen. Frode skrur ikkje på sentralvarmen før i november, og i mellomtida vil eg halde meg varm. Har allereie funne meg ein liten, frekk ein.
Så skal eg finne ut av denne fælslege lukta som har bebudd hybelen så altfor lenge.
Eg og Frode tar saka, og er på sporet med våre vasstette teoriar. Derfor har han leigd inn nokon som kan finne årsaka; eg gler meg ærleg talt til den dagen.
Foreløpig sit eg her og frys og gjer lekser. Men livet er ikkje så gale.

søndag, september 23, 2007

Dei fæle paradoksa

No har eg fått meg jobb. Det tyder pengar, i bøttevis (sjølv om eg får direkte på bankkontoen), noko som er vanskeleg å forakte; med pengar kan eg kjøpe meg ting, og ting er bra, materialisme er bra, sånt gjer meg glad - men problemet er berre det at, blant skule og lekser og mjølkeprodukt og venar, kortid har eg tid til å spele det spelet eg kjøpte, spele på den gitaren eg sparte opp til, eller sitja på den stolen eg kjøpte meg (å ja, me snakkar pengar her)?

Det er fælt, det er livet.

søndag, august 12, 2007

Bergansk

Eg har framleis litt att av mine hardt fortente pengar etter diverse småjobbar i sumar, og mi materielle hunger har - som den gjer ganske så ofte - slått til igjen.
Hausten er på anmarsj, som tyder på stormfulle tider i Bergen by, og bøttevis med evigvarande regn, noko bergensere aldri kan få nok av.
Så eg vil ha ein bergans! (Eg vil, eg vil, eg vil!)

Eg har funne meg ein ganske rimeleg ein (berre 2450,- , oboy oboy!) og skal på måndag ut på klesjakt saman med søster Jorunn, som tilfeldigvis òg har fått auge på noko bergansk - trur nok ikkje det er tilfeldig, snarare materialistisk lukkerus, ein vond sirkel.


Så; har DU eit kjøpeprosjekt på gong?
Ein ny pc, nytt kamera, kanskje, eller har du berre forferdeleg lyst på ein plass å oppbevare all sminken? (kven har no ikkje det, forresten?)