søndag, oktober 07, 2007

Oppdateringar når eg ikkje vil gjere lekser

Av og til forbauser eg meg sjølv med evner eg ikkje visste eg hadde - dette kjem særleg fram på hybelen når eg ikkje har hatt tid eller høve til å kjøpe inn noko av mat og skapa er heilt tomme, for eg finn alltid noko eteleg; sidan middag på Tysnes klokka 2 i dag har eg levd på kaffe te, og til kvelds skal eg ha kokt ris.
Eg burde hatt eit eige program på national geographic ala dei "survival techniques"-programma der eg lerer unge, single menn å leve åleine for fyrste gong i livet sitt.
Ser allereie for meg høgdepunkt som "kor ein finn all maten - butikkane" og "grandiosa -korleis vere tidseffektiv". Jassåmenja. Men eg eter sunt, berre sånn at det er sagt.

I morgon er det skule att, og etterpå (eller i pausen - me har latterleg lange pausar på skulen) skal eg kjøpe meg ovn til hybelen. Frode skrur ikkje på sentralvarmen før i november, og i mellomtida vil eg halde meg varm. Har allereie funne meg ein liten, frekk ein.
Så skal eg finne ut av denne fælslege lukta som har bebudd hybelen så altfor lenge.
Eg og Frode tar saka, og er på sporet med våre vasstette teoriar. Derfor har han leigd inn nokon som kan finne årsaka; eg gler meg ærleg talt til den dagen.
Foreløpig sit eg her og frys og gjer lekser. Men livet er ikkje så gale.

9 Comments:

Blogger Knut Rage said...

Denne likte eg ikkje heilt... Vifteomnar er berre for rask oppvarming, ikkje for å ha på som konstant varmekjelde. Dei kan vera farlege om dei står på for lenge om gangen. Dessutan ser eg at den slukar straum. Finst det ikkje nokon tøffe frittståande panelomnar, då...?

mandag, oktober 08, 2007 9:21:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Nei. Og eg bruker han berre for rask oppvarming, det er nok.
Det er ei midlertidig løysning fram til sentralvarmen vert slått på i oktober.

tirsdag, oktober 09, 2007 5:09:00 p.m.  
Blogger Ane said...

er du veldig god venn med landlorden din? det er bra, high skol er tiden for å samle kontakter til resten av livet for å komme deg fram i livet (dette har jeg lært av amerikanske tvserier, der sier de life veldig mye! nei, future faktisk! siden du ikke har engelsk mer liksom, følte jeg måtte oversette..)

onsdag, oktober 10, 2007 6:16:00 p.m.  
Blogger Ane said...

det skal jeg gjøre neste bloggpost, jeg gleder meg allerede!
her er hva som skjedde for et øyeblikk siden (øyeblikkskildring): jeg skulle skrive en kommentar til deg, og så sa den: ta med dette nummeret bX-ebzune og oppsøk blogger sin hjelpegruppe! tror du jeg trenger en hjelpegruppe?

mandag, oktober 29, 2007 8:05:00 p.m.  
Blogger VALK said...

Eg liker bloggen din. Kor i Bergen bur du?
Kjenner meg igjen i mykje av det du forteljer om.

torsdag, november 01, 2007 12:32:00 p.m.  
Blogger VALK said...

Hahaaha! Du er redd for meg!
Eg kjenner Ane Banane, og no har vi visst blitt venner. Altså du og eg.
Sjekk ut bloggen min då -
beinrangel.blogspot.com

søndag, november 04, 2007 3:39:00 p.m.  
Blogger VALK said...

Også er du frå Tysnes! Eg har masse slekt der :)

søndag, november 04, 2007 3:44:00 p.m.  
Blogger Ane said...

jeg fryder meg! bli facebookvenner da!

mandag, november 05, 2007 8:35:00 p.m.  
Blogger alicetaylor said...

This is also a very good post which I really enjoyed reading. It is not everyday that I have the possibility to see something

funy

tirsdag, juli 25, 2017 5:25:00 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home