Dagens samfunnspolitiske video
Fann denne artige videoen på youtube i dag, og måtte berre poste han.
Bodskapet tek nok dei fleste, men han er verd ein titt berre som rein underhaldning, og fine referansar til Beatles der inne (og kanskje fleire "opprørske" band?).
Skal ikkje seie så mykje meir, bortsett frå å nemne ironien (og tragedien) i kven som er nødd til å gjere opprør i dagens samfunn.
1 Comments:
Ja, den var morosam og tankevekkande. Bortsett frå at "My generation" var ein kjempehit med THE WHO på 60-talet - det er dei som vert parodiert. Den "tøffaste" linja i songen den gongen var "hope to die before I get old". No er dei sjølv gamle. Men held koken framleis, dei to av dei som enno er i live...
Legg inn en kommentar
<< Home