Meir vil ha meir

Vanlegvis, når Ingvild stel dataen min - som kan vere ganske vanskeleg å få tilbake - og sit i lange stunder på ikea.no, så humrar eg litt iscenesatt berre for å demonstrere kva eg synst om det heile -nordmenn pussar jo opp meir enn nokon andre (*sett inn imponerande statistikk*)!
Det er det same når Jorunn set seg ned med Den heilage boka (ikea-katalogen) med ein kopp te, fordi det tydelegvis er den største kjensla av harmoni ei kvinne kan oppnå.
Nei, eg er ikkje mannsjåvinistisk, for her er poenget mitt med det heile; sånn er dei fleste menn òg, sjølv om me er litt meir diskret med saken.
Nyleg viste Henrik meg eit lite utval sofaar på ikea han planla å kjøpe, men ville høyre mi meining om dei - samstundes viste eg han Oddvar, den fantastiske krakken eg sikla etter.
Og sånn gjekk kvelden for oss to, me sat på msn og kakla i veg om sofaar og stolar og alt me fann på sida, og kor rart det var med at alle stolane hadde menneskenamn (minnar meg forresten om ein Donald-historie eg las, der alle møblane kom til live og tok hemn over menneska - men nok om det), og nokre dagar etterpå tok me turen på ikea;
Oddvar var gått ut av produksjon, Henrik vart meir usikker på sofavalet sitt, og folk såg rimeleg rart på oss; eg endte opp med å kjøpe noko eg kan ha alt bestikket mitt i (ikkje ein skuff).
Og no har den materielle lysta returnert; eg har lyst på ein fotskammel. Den ifrå ikea.
Hybelen min er nyoppussa (sat inn eit bord med nokre stolar, kasta ut andre ting), og Karlstadt ville passa perfekt inn. Eg har litt sparepengar til å finansiere fråtseriet, og synst eg fortener det, etter å ha vore ganske sparsom på innreiinga mi (ikkje kjøpt nokre nye møblar i det heile!).
Håpar berre ikkje Ingvild og Jorunn ler snusfornuftig når dei les dette.
Uansett, poenget mitt er: Nokon som vil vere med på ikea?
5 Comments:
JA!
HAHA, eg må LE! Eg har lest ikea-katalogen i dag, og eg tenkte på å sette på ein kopp te, men så vart eg så oppslukt at eg gløymte det. Det eg skal ha: ANTONIUS-oppbevaringssystem. Kvite skuffer. Bunn og topp.
Så, kor tid drar me?
Lekker skammel, forresten. men, hei, den har jo FARGE på seg!
Oi, kommentarar!
Sånn går det når eg bloggar om noko aktuelt.
Me kan kanskje ta ein tur i slutten av august (er i by'n frå 20.)?
Tenkte den skulle bli fargeinnslaget i hybelen min :p
Eg kjenner den materielle hugen i hjarta mitt.
An impressive share, I just given this onto a colleague who was doing a little analysis on this.
Friv.Pro
Run3.me
Legg inn en kommentar
<< Home