lørdag, juni 25, 2005

Den morgonen då ...

Ein mandags morgon, sola skein ikkje, men himmelen var blå.
Snøen dalte ned i skjul, bakom fjellene.
Eg våkna av at ein gris stod på rommet mitt.
Det som var rart var at det ikkje var den vanlege grisen,
men ein annan. Hmm ... tenkte eg!
Kva skjedde med den forrige grisen?
Ikkje greit å sei! Eg satte meg opp i skapet,
Såg på stjerna som hang i toppen av dyna!
Den same gamle dyne, og stjerna.
Eg tok på meg buksa, som hadde ermer,
og genseren med buksebein. Sokkane på hovudet,
og lua på føttene.
Eg gjekk opp trappa for å ete frukost i første etasje.
(eg hadde rom i andre.) Men sprang fort ned att
då eg fann ut at mamma hadde teke feil dag,
det var ikkje skule i dag.
Eg gjekk fint opp at for å ete frukost,
eg fekk ikkje tid den forrige gongen.
Eg åt to skjever med tannkrem og etterpå
måtte eg pusse tennene med leverpostei,
for det sa mamma!
Eg gjekk ut døra for å nå bussen
som skulle inn til by'n.
Kva eg skulle i by'n, veit eg ikkje.
Men alt gjekk galt då eg snubla i tårnet
som stod i hagen.
Eg måtte på sjukehus med ein gong
og operera vekk håret mitt.
Ikkje noko særleg ...


Dette var altså den dagen då alt gjekk galt.
(i alle fall nesten alt,
det skjedde ingenting då eg åt ...)

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Huff då, høyrdes ut som om du hadde ein lika kjip lørdag som meg ;)

søndag, juni 26, 2005 6:02:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home