søndag, juni 19, 2005

Skuleslutt

Eg har no lagt bak meg 9 år med skule, og er klar for 9 nye år. Gjennom desse åra har eg hatt eitt mål framføre meg: å verta ferdig med grunnskulen. No når dette endeleg har skjedd, føler eg ikkje den tilfredsstillinga eg i førstninga trudde eg ville føla. Kva skal eg no sjå fram mot? Korleis vil det gå med dei andre i klassen etter ungdomsskulen? Vil eg sjå alle att?

Det føles meir som eit tomrom enn som ei glede. Eg trur aldri mennesket vert nøgd med det ein har. Ein vil alltid ha noko meir, eller skifta noko ut. Dagens mennesker manglar higrar etter alt, men jo meir dei får, jo meir vil dei ha. Eg er ikkje noko betre enn dei andre.

Eg vil visa til eit dikt eg las her om dagen:

"Trudde eg skulle bli lukkeleg
For pengar kan ein få alt, heiter det.
Nei, ein kan ikkje det.
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
grå hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar.
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal."

Dette har kanskje ikkje så mykje med skuleslutten min å gjera, men det eg vil fram til er at ein lett kan gløyma kor heldig ein har vore. Eg har hatt venar med meg heile grunnskulen, og no er det heilt slutt på dette. Eg må starta på nytt att.
Venar kan ikkje kjøpast for pengar.
-----------------

Dette var kanskje eit dårleg innlegg, men eg måtte bare få det ut. Beklager.

3 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Roger, du har no mista all fullmakt!!

dine forandringar var for drastiske!

mandag, juni 20, 2005 9:44:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

men eg er administrator og skaparenn av bloggen.
Demokrati er oppskrytt.

tirsdag, juni 21, 2005 7:15:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Responsen eg fekk på dikta dine var diverre ikkje så god, difor var det nok ikkje ein så god idè.

torsdag, juni 23, 2005 1:47:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home