lørdag, april 30, 2005

Skateboard! (Rullebrett, for dei som ikkje veit kva det betyr)

Når du ser ein tøff gut kjem rullande på skateboardet sitt.. Kva tenkjer du då? Kan det vere slik som eg tenkjer; Er det vanskeleg å stå på det? Må ein øve masse? Bør ein stå på det?

Etter å ha tenkt på dette kjem eg fram til at det kanskje ikkje er så vanskeleg å stå på det.. Kanskje det er litt verre når du begynner å rulle.. Eller kva?

Det eg vil fram til med dette innlegget er at ein bør tenkje seg litt bedre om før ein gir seg utpå slike omgivelsar.. Å skate kan vere farleg..! men også krevande på den måten at han stjel peng mens du ser ein annan veg..

Når eg skreiv ordet: annan, kom eg på noko som søskenbarnet mitt fortalde meg.. Ho kjente ein gut som budde oppi Molde ein plass, og han hadde ein kjæreste.. og den kjæresten heitte Anna.. Så hadde han guten skreve på russekortet sitt: "Viss du ikkje finn no`n som hette Anne, så finn deg ei Anna!"
Tog dåge `an?

Fuglar utan kart. Kvar skal dei?

Eg stod på kjøkenet ein fredeleg fredags kveld. Eg baka mine grovbrød, og åt mitt eple.
Lite visste eg om at ein fugl ville koma på besøk til stova vår.
Plutseleg kom ein fugl på besøk til stova vår. Hovuddøra stod åpen, og det var berre til å spasere, eller i dette tilfellet, fly rett inn, og det var nettopp det den gjorde.
Sjølvsagd så hadde jo fuglen gløymd korleis han kom seg inn, så for den var det berre ein veg ut; glasruta. Det morosame med dette var at fuglen ikkje visste at glasrutar kunne vera gjennomsiktige, og derav så trudde den at det ikkje var noko der det.
Alt dette førte fram til nokre vanvittige morosame sjølvmordsforsøk.
Eg bruker ordet sjølvmordsforsøk, sjølv om han prøvde å kome seg ut, sidan denne tilsynelatande ikkje fullt så intelligente fuglen kvar gong tok ein stor sats, og så fauk han rett i ruta.
Akkurat som ei testdokke på vei inn i ein lyktestolpe i ein bil.
Og dette gjentok han fleire gonger. I same ruta, utan å læra noko frå forrige tabbe.

Det artigste med dette var at eg og Thomas kom på ein heilt lik fugl som hadde greidd å sete hovudet sitt fast i fjerdet, som den lokale tosken i gapestokken.
Thomas fekk han fri, men no har han igjen rota seg oppi noko.

Og eg undrast kvifor den skulle fly inn i akkurat vår stova.
Dei mest sannsynlige svara ville vore at den leita etter mat, eller at den prøvde å unnslippa måsane utanfor, så eg trur nok at det er ei terrorist-handling.
Hjernevaska fugler som stormer hus.

Men det kan henda at eg tar feil.

fredag, april 29, 2005

Morosamt

Las nettopp ein artikkel i dagbladet om Douglas Adams.
Der fekk lesarane sjansen til å stille sine ubesvarte spørsmål, og etter å ha bladd litt nedover lista, så kom eg over eit spørsmål som lett kan måla seg med kvaliteten til humoren i "Haikerens Guide Til Galaksen":

If a man says something in the woods and there is no woman around, is he still he wrong?

Kanskje noko for feministbloggen?

Hint, hint, hint!

Eit lite tips til de som endå ikkje har kjøpt gåve, så er den nyaste cd-en til "The John Butler Trio" gode greier.
Så då veit du det!

lørdag, april 23, 2005

Marihuana er oppskrytt.

Då eg foretok mitt daglege avis-raid på nettet i dag, så kom eg over ein veldig artig artikkel/undersøkjelse. Det er påvist via ein iq-test på ein god del personer (tala vart for store til at det vart plass til dei på dette innlegget) at eit ivrig PC-bruk gjer deg sløvare enn kva marihuana ville ha greidd.
Det er sjølvsagt sånt PC-bruk som du no sitter og driver med det er snakk om (ærleg talt, har du eigentleg ein god grunn til å lesa dette innlegget?).
Det ironiske med dette er at eg var i ein "PC-rus" då eg las dette, og du kan vel sei at det gjorde truverdigheita mi ikkje fullt så truverdig.
Og dette kan vel stemme med dei fleste som leser dette
Me sit alle i vår eigen "PC-rus", og trur at det er demokrati på månen og hol utanpå osten, istadenfor inni.
Og dette synest eg er kjekt. Eg trur på det som tabloid-avisene skriver, og lar tankane vandre gjennom det fleste søppelet ein kan finne på nettet.
Eg trur at Paul McCartney er død, og eg trur at Fleirbrukshallen til Hauge er like fin om 20 år.
Og eg liker denne tilværinga. Det er beroligande og behagelig, avslappande og komfortabelt.
Det er eit fall på 10 i iq enne kva eg vanlegvis har.

onsdag, april 20, 2005

Eit utenlandsk dikt

Itnay dino se jalanay nahi aya , Jalti hui aag ko bujhanay nahi aya, Kehta tha saath jiyen gay saath marain gay, Ab rooth gai hoon to ullu ka patha mananay bhi nahi aya...

Aur bhi bohat si cheezen loot chuki hain dil ke saath, yeh bataya yaroon nay ishq farmanay key baad, iss liye kamray ki aik aik cheez check karta hoon, ikk terey aanay say pheley ikk terey janay ke baad....

Kehtey hain ki ISHQ main neend urd jaatti hai, Koi humse bhi ishq kare, Khambhaqat neend bahut aati hai....

Merey jeeney ka aik tu hi sahara tha, Terey bina marna bhi nahin gawara tha, Shadeed dard mein bhi tujh ko hi pukara thaJab unhon ne Trakk merey opar sey guzara tha !!!!

Yeh hi meri arzo yeh hi meri tamana, too aa merey kaar main teriyan lattan panna... ?

Mana ke main pori musalman nahi, magar apne din sey nata to jor sakti hoon, namaz roza kuch naheen, shabe-e-barat pay patakhey too chora sakti hoon.... ?

Shadi say pehley..Taqdir hai magar kismat nahi khulti, Taaj mahal banana chahata hoon magar Mumtaaz nahi milti..

Gåver til konfen!

Eg blei inspirert av blogger Ketil til å skriva detta, sida det var han som begynte.. Stå på blogger Ketil!

Mine uinteressanne gåver:

-Kler. dvs genser, boksa, t-skjorta, sokka, osv.

-Briller. Det kan vere solbriller eller vanlige briller..

-armklokka, vekkerklokka, bestefarsklokka

-piano(litt vel stort??)

-strykejern(hjern??) eller strykebord


Viss det er allerede kjøpt, ikkje fortvil, eg skal smila og gi deg ein klem(KANSKJE)



Mine interessanne gåver:

-penga, med glede(Det er ein god gåve, tru meg)

-pc(xp) helst stasjonær og med flat skjerm

-Mobil(sony eriksson s700i)( eller b200ø, viss han fins)

-digetalt kamera

Eg har blogger Ketil å takka for idèen, tusen takk for inspirasjonen blogger Ketil..


PS!
Dette er dyre gåver, så viss ein synes det er FOR dyrt, så kan ein jo alltids gi meg pengar.. Eg tek i mot alt med glede..

Danke skön(skön??) (på norsk= Tusen takk!!)

tirsdag, april 19, 2005

Gåver. Kva skal eg med dei?

For nokre månadar sidan rok eg og blogger Thomas ein tur til storbyen.
Vårt ærend her var å kjøpa ein gitar, òg kjend som min konfirmasjonsgåve.

No i ettertid sitter eg her lukkeleg og klimprar på gitaren min, som eg forresten ikkje har funne noko namn til endå (forslag?).
Men det er alltid nokre skyer rett bak fjellet.
For no når konfirmasjonen nærmar seg, så har folk begynt å telefonere til vårt kvite hus her på Breidablikk, for å spyrje om korleis me har det, og kva eg ynskjar meg til konfirmasjonen.
Og dette er eit stort problem, sidan eg har alt eg trenger, gitaren min.

Så derfor skal eg seie dykk kva eg ikkje kunne tenkja meg. Og det er fylgjande:

- Ikkje fleire kokebøker, det har eg i overflod.
- Ikkje fleire notebøker, dei òg har begynt å dominere den begrensa lagringsplassen her i huset.
- Ingen dyr. Eg veit ikkje heilt kvifor de skulle gje meg det, men det er alltid best å vera sikker.

Viss du skulle ha gått på butikken og kjøpt noko av desse tinga allerede, så ikkje fortvil.
Det er tanken som teller, og alle gåver vert tatt i mot med glede.

Eg har og greidd å skvist fram ei kort liste som kan hinte til ting eg kanskje kunne tenkja meg:

- Penger, du kan ikkje feila med det.
- Endå ein/ei niese/nevø. (Jorunn?)
- Noko som kan forbindes med musikkinstrument, musikk o.l.
- Eit krusifiks/kors i form av eit halsbånd (hadde ikkje lyst til å skriva smykke) hadde vore stilig.
- Eg liker eigentleg allslags gammaldagse ting, som lommeur o.l.

Og det var alt, folkens!

mandag, april 18, 2005

Graut

Dette er eit dikt/kåseri som Alex fant på internett i dag, og eg likte det så godt at eg tok det med heim for å skriva det inn på bloggen. Her er det:

-Kva skal me ha til middag? spurde han Klaus til ho Aud.

-Graut, sa ho Aud.

-Graut, spurde han Klaus.

-Jau, sa ho Aud.

-Korleis skal me eta graut? spurde han Klaus.

-Hjå eit trå, sa ho Aud.

-Jau, men då må han vera staut, elles smakar han daudt, sa han Klaus.

-Jau, det ville vera flaut, sa ho Aud. -Men sist vart han litt for saut.

-Jau, men eg likar han saut, sa han Klaus.

-Skal det vera god graut? spurde ho Aud. -Skal han vera staut, men ikkje for staut?

-Eg likar saut, staut graut, eg, sa han Klaus.

-Då mekkjar eg mykje tomatsaus, sa ho Aud, -for då vert han staut.

-Og mykje raud, sa han Klaus.

-Jau, det vert noko raudt med tomatsaus, sa ho Aud.

-Reine NASA-grauten det, med sånn saus, sa han Klaus, -men det sømer seg betre for ein astronaut.

-Så du vil ha raud, staut, saut, NASA-graut, du Klaus, sa ho Aud og tok på seg eit skaut.

-Jau, Aud, sa han Klaus, -og i eit trau.

-Ikkje stå der som ein dau sau, Klaus, sa ho Aud.

-Ikkje maju, Aud, det er flaut, sa han Klaus.

-Du er eit naut, sa ho Aud.

-No ser eg raudt, sa han Klaus, -for eg er ikkje noko naut, men ein astronaut!!

-Vil du verta astronaut, må du eta graut, so sett i gong og finn eit trau og ein staur, sa ho Aud.

-Ein staur? spurde han Klaus.

-Jau, sa ho Aud, -men ikkje slurpestaur, for grauten vert tjukk og staut og kan ikkje slurpast med slurpestaur. Eg treng ein raurestaur til graut-gryti.

-Jau, sa han Klaus.


Og til slutt så vil eg seie at eg har hatt ein veldig fin dag. Godis!

Den bråe og brutale våkne-måten! Huff!

Eg sov. Men sida klokka nærma seg 7 måtte eg stå opp. Huff! Eg åt frukost, pakka baggen(sekken), ordna håret og var på vei ut.

Klokka var kvart over 7 og bussen kom snart. Eg må jo rekka bussen òg veit du. Bussen kom. Eg steig på.
Og etter å ha kjørt i omlag 10min, så sovna eg. Eg sov sånn halveis, ikkje sant? Etter ei stund så måtte busskjørekjerringa, Åse, bremse! Eg var jo i halvsøvne, og akkurat i det ho bremsa, fauk hovudet mitt framover! Og søvna forsvann ut igjennom hovudet mitt og ut i lufta..
Oi, eg blei sur!!! Kan ikkje bli surare, enn når du ikkje får sova på bussen!

Takk for at eg fekk dela slike ting med dykk!!

Do-diskiminering!

Kvifor seier me "inne-doen" og "ute-doen"? Det er diskriminering! "ute-doen" kan føla seg uttafor, og då skal me ikkje trakka han lengre ner i skiten! Stakkar!
Ein burde heller berre sei: do! Eller toalett for den saks skyld!

Og med dette vil eg berre sei at eg følar med dykk einsame og såkalla "ute-doar"!

Og til dykk som set der og les dette innlegget: Sei at du skal på eit toalett! På den måten følar ikkje doane seg uttafor og utestengd!!

Tusen takk!

søndag, april 17, 2005

Kva gjer ein??????????????????

Kva gjer ein på ein solskinsdag og ein har ein time til gode? Hmm? Hoppa ein i senga og sove litte grann? Eller rett og slett ser på TV? Æh, neeeeeeeeeeeeeei.. Ein ser ikkje på TV, nei. Men ein tar seg ein kaffi lattè, sette seg i sola og stirre ut i lufta.. Det e livet det!!!

Tåpelig, men bra!

Eg satt og såg på fjernsyn ein lørdags morgon(ca kl. 12.00), og såg på TV-Norge. Der gjekk det eit program som heiter "Under samme tak", også kjent som "Fullt hus". Eg orkar ikkje å detaljera så veldig om personane, eg seier berre navna.
Altså, Michelle som er ein av ongane (minst) hadde eit bursdags-selskap. Og i det selskapet så hadde ein av onklane leigd ein elefant. Fordi det var eit sirkus-bursdags-selskap. Og då sa Michelle: -Look its Bimbo!
La meg oversetta: - Sjå da e Bimbo(Blondie rettare sagt)! Liksom?? Og då utbryter den eine onkelen: -Du meiner vel Dumbo?
Eg ville berre sei at detta va ganske tåpelig, men til tider litt bra.

La meg avslutta å sei: -Detta va ein David-historie!! Du sku ha vore der. (Du sku ha sett da!)

fredag, april 15, 2005

Eg er onkel! Status, det!

Men det er slettes ikkje enkelt. Min kjære søster, med barn og mann, ankom med den vanlege 4-ferja, eller med "hytteferja", som eg liker å kalla han, for å tilbringa helga her på idylliske (eller er det det?) Tysnes.
Turen var tydeligvis meint for at me i huset skulle få sjå dette lille vidunderet som me liker å kalla Viktoria.
-Godis, tenkte eg, og rekna med at dette kan bli ei opplevelsesfull helg. Eg kunne gjera Viktoria blid. Ho er no ein månad gammal, og eg kan eigentleg ikkje tenkja meg ein annan fritidsaktivitet enn å kanskje lura eit smil fram. Men det var ikkje så lett, det.
For det er enklare å gleda personar når dei vert eldre. Kvar gong Søster Jorunn kjeme på besøk, så håper ho alltid på ein sjokoladekaka, og det kan hende eg bakar ein. Då vert ho veldig blid.
Men dette kan eg ikkje gjera med min lille niese. Eg kan ikkje baka noko til ho, eg kan ikkje ta ho med på ein leikeplass eller i ein leikebutikk, eg kan ikkje gje ho fart på ei dissa, og eg kan ikkje leggja eit teppe over ho etter ho har sovna.
For det einaste som ser ut til å gleda ho er morsmelk. Og eg er ikkje i stand til å produsera det til ho. Eg er sikkert ikkje åleina om den tomme følelsen.
Men likevel så sit eg her med ein tom følelse, og venter på at ho skal bli eldre, og læra å gå og snakka.
Då skal eg gjera alle dei kjekke tinga, og baka masse kaker.

Då skal eg vera Onkel Ketil, då!

torsdag, april 14, 2005

Trubadurisk heismusikk

Eg såg "Radio Røynda" på tv forleden dag, der dei hadde tatt med seg nokre instrument, gått i ein heis på eit senter i Bergen, og spelt heismusikk for massen.
Dette sunast eg var var veldig artig, og no i seinare tid så kom eg på at me har jo ein heis her på Tysnes òg. I hallen! Den fantastiske fleirbrukshallen vår!
Og problemet er då at den ikkje kom med musikk. Det er tydeligvis noko du må kjøpa sjølv.
Men kva er no ein heis utan heismusikk? Ingen, etter mi meining.
Det ville vore akkurat som ein bussjåfør utan godt humør. For utan sitt gode hmuør, så ville han berre vore ein pengegrisk mann i ein forvokst bil. Nemlig!

Så herved vil eg starta eit band, "Heis Meg Ned!".
Viss du er ein trubadur med eit godt humør og eit bærbart instrument, så vennligst gje beskjed.

Klage!

Eg må klage sterkt på butikken i Lunde! I går gjekk eg bort te butikken, for å kjøpa meg ei brus, før eg skulle ta bussen te Våge. Eg gjekk i godt humør bort te butikken, lukka opp dørene og gjekk bort te brus-skapet. Eg sto og tenkte litt på hvilken brus eg sku ha. "Ska eg ta meg ein cola? Eller kanskje ein fanta? Nei, eg tar meg ein fanta lemon," tenkte eg. Så tok eg den fantaen, eg då, og gjekk bort te kassen. Eg betalte med ein 20kroning. Fekk 8 kroner igjen. Gjekk ut døro. Fortsatt i godt humør. Gjekk bort te buss stoppet. Sat der og venta på bussen. Etter tre minutt kom bussen. Det var Åse som kjørte. "Hallo," sa eg. "Hei," sa ho. "Eg ska te Våge." Det klirra i pengene. Eg såg at ho var litt grådig. Eg tok billetten og gjekk bak i bussen, fremdeles i godt humør. Då eg satt meg ned, tenkte eg: "No ska da smake godt med litt brus!" Eg åpna korken med store forventninger, og håpte at brusen skulle tilfredsstille mine behov. Men NEIDA! Eg såg at det var nåkken klumpa i toppen. Eg tenkte litt, lukta på han og såg på datoen. 02.jan.05! 02.jan.05?! Det var jo søren meg FIRE måna sio! FIRE MÅNA?! Til og med etiketten hadde mygla! "Ikkje faen om eg drikka av dette her!" sa eg te meg sjølv. Eg tenkte at eg sku bytte den, men NEIDA! Eg va jo på BUSSEN! Eg tenkte at då kunne eg bytte det neste dag, då. Eg satt på bussen ned te Våge, bare for å kjøpa meg ein ny brus. Den var heldigvis god. På ESSO'en var David, Terje Kristoffer og Joakim. David hadde kjøpt seg kaffe. Eg sto det ein stund, og gjekk oppover mot hallen. Der va heile gjengen og BOWLA! Og sio eg kom for seint kunne eg ikkje bowla. Humøret bare sank og sank. Eg ville gå inn på biblioteket og sitta på dataen der. Men NEIDA! Der satt Kristian Engevik og Sindre og snakkte med hverandre på msn. De sa bare: "Homo!" "Nei, eg e ikkje homo. Du e homo!" "Nei, du e homo!" Eg gjekk vekk. Då øvingo begynte satt eg fra meg den mygla brusen i vinduskarmen. Tenkte at eg sku ta den med meg heim. Marcus var det og pillte seg i naso. "For ein dag," tenkte eg.
Øvingo var slutt og eg satt i bilen te faren te Jørgen (som foreløpig heite Geir, viss du ikkje visste det). Halvveis på vei heim kom eg på: "Brusen min! Nei, faen i helvete! Eg får vel hente den på skulen i måro. Nei, hunden pilte! Ingen på skulen har nøkkel te musikkrommet i hallen! AAAARGGG!!!"

Og no sitte eg her, fortsatt irritert over den brusen, mens eg tenke på kordan eg ska få den tebake. Og det mest irritende av alt e at VISS EG IKKJE HADDE KJØPT AKKURAT DEN BRUSEN HADDE EG SLUPPE ALT DET DRITET! AAAAAAAAAAAAAAAAOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOEEEEEEEEEE
UUUUUUUUUUUUUUUUUUIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅØ
ÆÆÆÆ!!!!!!!!!!!!!!!!!!

onsdag, april 13, 2005

Ein poetisk potet

innlegga til Blogger Roger (gratulerer med comebacket) har inspirert meg. Kva liker eg, og kva misliker eg? korleis skal eg bli når eg blir gammal?
Folk no til dags ser visst ut til å berre veta kva dei misliker, men aldri kva dei liker.
Dette gjelder dessverre òg meg. Etter som eg vert eldre, så veit eg betre og betre kva eg misliker.
Som barn så hadde eg mine spesielle augneblink som eg kunne gå og gleda meg til lenge.
Eg kunne gleda meg til jul, til bursdagen min, til neste gong me hadde lasagne, til noko kjekt på tv, til eg skulle på besøk til ein venn, og så vidare.........
Eg opplever det same no til dags, men eg får ikkje lenger til å setja pris på desse tingene.

Det er grunn til at verbet "å mislika" har så mange synonym. Det vert brukt så frekvent.
Hadde det vore det einaste negative verbet, så hadde me begynt å mislika det òg, negative som me er. Så når alt dette er sagt, så vil eg beytta sjansen til å oppsummera kva eg setjer pris på no, i den seinare delen av livet mitt:

- Eimen av sun light handsåpe.
- Ein tur i skogen.
- Eit heilt tomt og kvitt rom.
- Duften av nyvaska klede.
- Ein utsikt.
- Å kunne sova litt lengre enn vanleg.

Dette virker kanskje ikkje som masse å setja pris på for deg, men det er dei små tingene som gjer ein dag til ein solskinnsdag. Sjølv om me bur på vestlandet.

Og når det gjelder for korleis eg skal bli når eg blir stor, så skal eg ha eit hus med ein stor terrasse og heimekontor, orgelpiper som stikker ut av taket, og ein kaffikopp i handa.
Eg skal bli ein poetisk potet!

Læring

I dag har eg lært noko nytt; rosa cd`er funkar fint i cd brennerer! Det var då endå godt. Også har eg lært at det å spela fotball innandørs kan vera underhaldande utan sko. Ikkje minst at yoghurtar også smakar godt etter ein times tid over den angitte dato!!!

tirsdag, april 12, 2005

Løpetid

Me har ein hund. men i fylgje pappa så er han eit menneske. Uansett, du for sikkert forstått kva emne dette innlegget har, og dette er noko hunden/mennesket vårt minna oss på at det er.
Ein kunne seie sånne poetiske (potetiske) ord som "det er kjærleik i lufta", men det virker iallefall ikkje sånn. Eg høyrer berre infernalsk kvining og bjeffing over heile bygda, og det er ikkje berre sladderen, men òg hundane som skapar desse irriterande lydane.
I dag var ei av venninene til trym på vegen utanfor huset vårt, og heldigvis tok Moder Britt han ut på ein biltur.
Hadde me satt han i bånd ute hadde han dratt med seg heile huset!
- Utdrag frå middagsbordet.
Uttrykket "å gå i hundane" har fått ei ny meining.

Ein mektig blogg

Denne bloggen er no større enn Jesus!

mandag, april 11, 2005

Ny genial idé!

Eg fekk ein idé her om dagen!

Meininga med vestlandet

I måro skal da bli regn øve den vestlige delen av landet.
Dette må vera den mest brukte setningen i værmeldinga. Og med god grunn.
For augneblinken (feilstaving?) så høljer det ned. Masse regn. Og eg takkar snikkarane for at me har tak. Eg er nesten redd for at vasstanden skal stiga opp til huset vårt, og kanskje heilt opp til "pinglenuten". Oppfølgjaren til den store syndefloden er rett bak horisonten, ligger der og lurer, og ventar til me alle har sovna, for så å bokstavelig talt ta oss på senga.
Men det er vel litt av sjarmen, som dei seier. Det å oppleva eit utendørs badeland, det er berre litt av sjarmen det.
så eg lener meg tilbake, tar ein kopp varm drikke, og nyter "godværet".
For det er jo litt av sjarmen, det!

søndag, april 10, 2005

Mitt omelett-dikt

No lagar eg omelett
dam di-dam di-dam.
No skal eg eta omelett
nam ni-nam ni-nam.

lørdag, april 09, 2005

Saumjau

No har eg lagt pizza!!!!!

NAAAAAAAM:)

Oppdatering om mitt liv sånn som eg kjenner det

Bandsløvingen gjekk ikkje så bra. Jaja. Får heller starta eit nytt band, då. Forslag til namn?
Uansett, i dag skjedde det ei endring i stova her på breidablikk, og som alle veit så er interiøret eit veldig aktuelt tema, særleg for folk med namn som Johan og Berrrrrrnt.
I dag vart brisken fjerna, og pc`en med utstyr vart satt der brisken før briska seg. Tv`en vart satt der pc`en stod, og gyngestolen vart satt der tv`en. Men kva vart satt der gyngestolen stod, er det vel alle lurer på, særleg Berrrrrrnt og Johan. Absolutt ingenting vert vel mitt svar til det.
Ellers har eg hatt fiskeurter oppi tomatsausen og skremt ein blom. Og det var dagens oppdatering. På mandag, derimot, skal eg kjøpa meg drrressssssssssss. På Storrrrrrrrrd (med stor d).
God fordøyelse!

fredag, april 08, 2005

Bernt

berrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrnntt

Feed My Monkey

Dette er ikkje ein fredsorganisasjon, men eit band. Vårt band, faktisk.
Oss er meg, Vidar Vaskeball og Silje Sitron, og ikkje dei som før var Vestlandslefso.
Viss det er nokon som veit kva ein vaskeball er, så vennligst svar.
Uansett, dette innlegget vert skrive for å ha noko å oppdatera om, for eg meiner at ein blogg bør ha eit innhald som du kan følgja med, og som ikkje berre er ein haug med tullball. Eller vaskeball.
Uansett, dette er det nyaste:
me skal ha ein øving i dag. Og det er alt, mine damer og nerder!
Følg med, for framtidige intriger!

onsdag, april 06, 2005

Yoghurt, og kvifor me ikkje kallar han fisk.

Eg kom til å tenkja på, ein kveld då eg fekk lyst på litt yoghurt, måtar ein kan få vekk yoghurten som følgjer med på lokket, som følgjer med yoghurtkartongen. For når ein bil skal køyra på dei kronglete og vanskelege veiane i Noreg, så vert yoghurt rista litt (shaken, not stird) og yoghurt festar seg på lokket.
Men problemstillinga er følgjande:
Kor mange forskjellige metoder finst det for å fjerna yoghurten frå lokket?
Personlig liker eg å leggja lokket oppå kartongen, og så skrapa yoghurten av på kanten.
Men eg veit at det finst fleire metodar.
Den klassiske, og mest brukte, er å sleikja det av, men forleden dag såg eg Blogger Thomas skrapa det av med sin skjei. Dette er jo ein enkel metode, men det kan vera litt tidskrevjande.
Kva er din metode?
Kreative svar belønnes........

Klage....!!

Eg vil med dette klage på at det er så få inne på denne sida. Detter er veldig trist. For viss det komme fleire innpå og kommenterer så er det kjekkare for oss som driver denne sida å skrive nye innlegg. Men det er opp til dåke.
Ha ein god dag!