tirsdag, april 12, 2005

Løpetid

Me har ein hund. men i fylgje pappa så er han eit menneske. Uansett, du for sikkert forstått kva emne dette innlegget har, og dette er noko hunden/mennesket vårt minna oss på at det er.
Ein kunne seie sånne poetiske (potetiske) ord som "det er kjærleik i lufta", men det virker iallefall ikkje sånn. Eg høyrer berre infernalsk kvining og bjeffing over heile bygda, og det er ikkje berre sladderen, men òg hundane som skapar desse irriterande lydane.
I dag var ei av venninene til trym på vegen utanfor huset vårt, og heldigvis tok Moder Britt han ut på ein biltur.
Hadde me satt han i bånd ute hadde han dratt med seg heile huset!
- Utdrag frå middagsbordet.
Uttrykket "å gå i hundane" har fått ei ny meining.

1 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

det er løpetid, og jundane vert febrilske. Det var heile bodskapet!
Kunne Jesus ha gjort betre?

tirsdag, april 12, 2005 8:25:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home