torsdag, april 14, 2005

Trubadurisk heismusikk

Eg såg "Radio Røynda" på tv forleden dag, der dei hadde tatt med seg nokre instrument, gått i ein heis på eit senter i Bergen, og spelt heismusikk for massen.
Dette sunast eg var var veldig artig, og no i seinare tid så kom eg på at me har jo ein heis her på Tysnes òg. I hallen! Den fantastiske fleirbrukshallen vår!
Og problemet er då at den ikkje kom med musikk. Det er tydeligvis noko du må kjøpa sjølv.
Men kva er no ein heis utan heismusikk? Ingen, etter mi meining.
Det ville vore akkurat som ein bussjåfør utan godt humør. For utan sitt gode hmuør, så ville han berre vore ein pengegrisk mann i ein forvokst bil. Nemlig!

Så herved vil eg starta eit band, "Heis Meg Ned!".
Viss du er ein trubadur med eit godt humør og eit bærbart instrument, så vennligst gje beskjed.