onsdag, april 13, 2005

Ein poetisk potet

innlegga til Blogger Roger (gratulerer med comebacket) har inspirert meg. Kva liker eg, og kva misliker eg? korleis skal eg bli når eg blir gammal?
Folk no til dags ser visst ut til å berre veta kva dei misliker, men aldri kva dei liker.
Dette gjelder dessverre òg meg. Etter som eg vert eldre, så veit eg betre og betre kva eg misliker.
Som barn så hadde eg mine spesielle augneblink som eg kunne gå og gleda meg til lenge.
Eg kunne gleda meg til jul, til bursdagen min, til neste gong me hadde lasagne, til noko kjekt på tv, til eg skulle på besøk til ein venn, og så vidare.........
Eg opplever det same no til dags, men eg får ikkje lenger til å setja pris på desse tingene.

Det er grunn til at verbet "å mislika" har så mange synonym. Det vert brukt så frekvent.
Hadde det vore det einaste negative verbet, så hadde me begynt å mislika det òg, negative som me er. Så når alt dette er sagt, så vil eg beytta sjansen til å oppsummera kva eg setjer pris på no, i den seinare delen av livet mitt:

- Eimen av sun light handsåpe.
- Ein tur i skogen.
- Eit heilt tomt og kvitt rom.
- Duften av nyvaska klede.
- Ein utsikt.
- Å kunne sova litt lengre enn vanleg.

Dette virker kanskje ikkje som masse å setja pris på for deg, men det er dei små tingene som gjer ein dag til ein solskinnsdag. Sjølv om me bur på vestlandet.

Og når det gjelder for korleis eg skal bli når eg blir stor, så skal eg ha eit hus med ein stor terrasse og heimekontor, orgelpiper som stikker ut av taket, og ein kaffikopp i handa.
Eg skal bli ein poetisk potet!

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Men viss du alltid vil sova lengre om dagen, så må du jo sova litt lengre kvar dag. For viss du skal ha det fast at du skal sova litt lengre enn vanlig, så blir jo det litt lengre tidspunktet det vanlige liksom. Så eg trur at det hadde blitt eit problem.

onsdag, april 13, 2005 7:14:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

desse små tingene som eg nevner, er ikkje ting som eg opplever daglig. Det må skje sjeldan viss eg skal kunne setje pris på det, så Thomas har nok rett med det han seier, at eg setjer pris på viss eg kan sova litt lengre på ein kvardag. Ein patetisk potet er ein som ikkje greier å setje pris på ting.
Og til anonym: eg respekterer at du vil vera anonym, men det er kjekkare for oss som skriver innlegga å veta kven som kommenterer, på godt og vondt.

onsdag, april 13, 2005 7:29:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home