lørdag, april 23, 2005

Marihuana er oppskrytt.

Då eg foretok mitt daglege avis-raid på nettet i dag, så kom eg over ein veldig artig artikkel/undersøkjelse. Det er påvist via ein iq-test på ein god del personer (tala vart for store til at det vart plass til dei på dette innlegget) at eit ivrig PC-bruk gjer deg sløvare enn kva marihuana ville ha greidd.
Det er sjølvsagt sånt PC-bruk som du no sitter og driver med det er snakk om (ærleg talt, har du eigentleg ein god grunn til å lesa dette innlegget?).
Det ironiske med dette er at eg var i ein "PC-rus" då eg las dette, og du kan vel sei at det gjorde truverdigheita mi ikkje fullt så truverdig.
Og dette kan vel stemme med dei fleste som leser dette
Me sit alle i vår eigen "PC-rus", og trur at det er demokrati på månen og hol utanpå osten, istadenfor inni.
Og dette synest eg er kjekt. Eg trur på det som tabloid-avisene skriver, og lar tankane vandre gjennom det fleste søppelet ein kan finne på nettet.
Eg trur at Paul McCartney er død, og eg trur at Fleirbrukshallen til Hauge er like fin om 20 år.
Og eg liker denne tilværinga. Det er beroligande og behagelig, avslappande og komfortabelt.
Det er eit fall på 10 i iq enne kva eg vanlegvis har.