mandag, april 18, 2005

Graut

Dette er eit dikt/kåseri som Alex fant på internett i dag, og eg likte det så godt at eg tok det med heim for å skriva det inn på bloggen. Her er det:

-Kva skal me ha til middag? spurde han Klaus til ho Aud.

-Graut, sa ho Aud.

-Graut, spurde han Klaus.

-Jau, sa ho Aud.

-Korleis skal me eta graut? spurde han Klaus.

-Hjå eit trå, sa ho Aud.

-Jau, men då må han vera staut, elles smakar han daudt, sa han Klaus.

-Jau, det ville vera flaut, sa ho Aud. -Men sist vart han litt for saut.

-Jau, men eg likar han saut, sa han Klaus.

-Skal det vera god graut? spurde ho Aud. -Skal han vera staut, men ikkje for staut?

-Eg likar saut, staut graut, eg, sa han Klaus.

-Då mekkjar eg mykje tomatsaus, sa ho Aud, -for då vert han staut.

-Og mykje raud, sa han Klaus.

-Jau, det vert noko raudt med tomatsaus, sa ho Aud.

-Reine NASA-grauten det, med sånn saus, sa han Klaus, -men det sømer seg betre for ein astronaut.

-Så du vil ha raud, staut, saut, NASA-graut, du Klaus, sa ho Aud og tok på seg eit skaut.

-Jau, Aud, sa han Klaus, -og i eit trau.

-Ikkje stå der som ein dau sau, Klaus, sa ho Aud.

-Ikkje maju, Aud, det er flaut, sa han Klaus.

-Du er eit naut, sa ho Aud.

-No ser eg raudt, sa han Klaus, -for eg er ikkje noko naut, men ein astronaut!!

-Vil du verta astronaut, må du eta graut, so sett i gong og finn eit trau og ein staur, sa ho Aud.

-Ein staur? spurde han Klaus.

-Jau, sa ho Aud, -men ikkje slurpestaur, for grauten vert tjukk og staut og kan ikkje slurpast med slurpestaur. Eg treng ein raurestaur til graut-gryti.

-Jau, sa han Klaus.


Og til slutt så vil eg seie at eg har hatt ein veldig fin dag. Godis!

3 Comments:

Blogger Hanna said...

Gode greier.

tirsdag, april 19, 2005 3:53:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Нi to еveгy bοdy, it's my first pay a visit of this webpage; this web site contains amazing and in fact fine stuff designed for readers.

Here is my web-site ... näsplastik ()

mandag, juni 17, 2013 11:28:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

There's certainly a lot to find out about this topic. I love all the points you'vе madе.


Herе is my blog; rhinoplastу top suгgeon (http://www.cavegoat.com)

tirsdag, juni 18, 2013 12:45:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home