fredag, april 15, 2005

Eg er onkel! Status, det!

Men det er slettes ikkje enkelt. Min kjære søster, med barn og mann, ankom med den vanlege 4-ferja, eller med "hytteferja", som eg liker å kalla han, for å tilbringa helga her på idylliske (eller er det det?) Tysnes.
Turen var tydeligvis meint for at me i huset skulle få sjå dette lille vidunderet som me liker å kalla Viktoria.
-Godis, tenkte eg, og rekna med at dette kan bli ei opplevelsesfull helg. Eg kunne gjera Viktoria blid. Ho er no ein månad gammal, og eg kan eigentleg ikkje tenkja meg ein annan fritidsaktivitet enn å kanskje lura eit smil fram. Men det var ikkje så lett, det.
For det er enklare å gleda personar når dei vert eldre. Kvar gong Søster Jorunn kjeme på besøk, så håper ho alltid på ein sjokoladekaka, og det kan hende eg bakar ein. Då vert ho veldig blid.
Men dette kan eg ikkje gjera med min lille niese. Eg kan ikkje baka noko til ho, eg kan ikkje ta ho med på ein leikeplass eller i ein leikebutikk, eg kan ikkje gje ho fart på ei dissa, og eg kan ikkje leggja eit teppe over ho etter ho har sovna.
For det einaste som ser ut til å gleda ho er morsmelk. Og eg er ikkje i stand til å produsera det til ho. Eg er sikkert ikkje åleina om den tomme følelsen.
Men likevel så sit eg her med ein tom følelse, og venter på at ho skal bli eldre, og læra å gå og snakka.
Då skal eg gjera alle dei kjekke tinga, og baka masse kaker.

Då skal eg vera Onkel Ketil, då!

5 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Til Vidar: No har eg fjerna mine endringar på innlegget ditt.
Tross dine morosame kommentarar til meg.

søndag, april 17, 2005 1:37:00 p.m.  
Blogger Jorunn Rage said...

Ikkje for å skryta, min store lillebror, men eg klarer fint å lura fram fleire smil fra Victoria etter kvarandre.

søndag, april 17, 2005 3:41:00 p.m.  
Blogger Hanna said...

Jorunn, kortid skal eg bli tanta? Eg veit nok at du e verpesjuk.

mandag, april 18, 2005 10:04:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Desse kommentarane begynner å ta ei uventa vending.

mandag, april 18, 2005 1:52:00 p.m.  
Blogger Hanna said...

Da va nok min feil.

torsdag, april 21, 2005 1:00:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home