søndag, oktober 30, 2005

To timar til besvær

Det er helg, så kvifor ikkje sove lenge?
Vel, laurdags kveld fekk eg ein god grunn:
- Frukost klokka ti i morgon tidleg!

Så eg stod opp, ein heil time før min "no bør eg stå opp"-rutine, berre for å oppdage at nokon hadde stilt klokka i natt. heile verda, sånn omtrent.
Så, med tanke på at eg stod opp tidlegare enn vanleg, fekk eg heile to timar, som eigentleg ikkje eksisterte. Dette døgnet er no på 26 timar.

Men kva i all verda skal eg med desse to timane?
Søndagane varar alltid litt lengre enn resten av vekedagane, men dette er å dra det for langt.
Bokstaveleg talt.

Skal eg bruke dei fornuftig (lekser), eller gje blaffen og sjå på min firkanta, kostelege boks?
Vala er mange, svara er få.

Men eg kom så til å tenkje; når du spør nokon om kva dei driv med, så kan det hende dei svarar likegyldig: "Ingenting".
Og kanskje det er dette eg skal bruke mine to timar på, nettopp ingenting.

For eg kan vel ikkje gjere noko i to timar som rett og slett ikkje eksisterer?

lørdag, oktober 29, 2005

Basert på ei sann historie

Eit gravalvorlig ansikt graver seg ned med den djupaste innsikt i matte for smartinger.
Auga vandrar bestemt frå det eine talet til det andre; i oppgåva gøymer det seg eit svar.
Ei løysning, mange tanker.

Matematikeren lever i si eiga verd; ei verd beståande heilt av tal og koder.
Eit univers av uforståelegheit.

Personen er ikkje tilnærmeleg, berre bøkene, dei lekre, kvite arka med blekk, er matematikerens ven.

Det kan ikkje vere bra for ryggen.

Te går det i bøtter og spann, men er ikkje det ho tenkjar på.

Bak mattebøkene gøymer det seg ein mobil og eit nøgd ansikt:
- Eg fekk til sudokuen!

fredag, oktober 28, 2005

Snooze

Òg kjend som ZzZzZzZzzzzzzZzzZzzzzzzzzzzzz..........

Det er morgon, ein sånn du opplever fem gonger i veka, og eg er trøytt.
Det er jo morgon. Eg har lov til å vere trøytt.

Mobilen piper, men det er eg som ringer. Vel, gårsdagens meg. Den meg som er fornuftig og meiner at ein må tidleg opp for å få mest ut av dagen.
Men eg meg meinar noko anna.
Fem minutt til. Har jo ein rutine. Eg treng ikkje å bruke for lang tid på frukosten eller bli oppdatert på den nyaste galskapen.
Kjekkare å trykkje på den herlege knappen kalla Snooze.
Han kan gje deg fem minutt ekstra søvn, forbuden frukt.

Fem minutt til. Og fem til.
Kor mange minutt har eg sove no?
Den utrekninga minner meg om mattetimen eg skal ha i dag, og matte gjer meg søvnig.
Så fem minutt til.
Ikkje meir, no må eg stå opp.

Ein dusj etterpå vert det kjapt fem minutt til på sofaen; eg søv jo ikkje i senga, så den teller ikkje.

Fem minutt i kjøleskapet. Men det er jo ikkje søvn, men planlegging over kva nista mi skal bestå av. Hmm. Brød med leverpostei.
Ei keisam skive, så eg vert igjen søvnig. Fem minutt til.

Fem over åtte.
på tide å gå på skulen.

Mattetimen. Fem minutt til?
Eg trykkjer på noko som likner på herr Snooze, og tar meg fem minutt til.

Etter alt dette virker fem minutt som langt meir enn fem minutt.
Nærare femti.

onsdag, oktober 26, 2005

Fuglevirus i Europa + to ender i hagen + ei tett nase + paranoia = PANIKK!!

Eg kan vera smitta. Av hypokondri. Eller eg kan ha fått bladlus.
Eg er iallefall ikkje trygg, ifølge media.

For me har to frittgåande ender, så frittgåande som det går, i hagen.
Og dei har ikkje akkurat handsåpa og god hygiene i ermet.
Me hadde jo ikkje tenkt å ete dei, men det å miste moglegheita er jo litt trist.

Kan gullfisker få fugleinfluensa, forresten? Eg er uansett glad me ikkje har svømmande gull.

Uansett; lufta på Breidablikk er forurensa: det liggjer uro og bekymring i den.


Eg har lyst til å lage Dronning Maud-pudding til helgegjestene. Men vil det bli vårt siste måltid, det er jo egg i den. Rå egg.
Eg trur ikkje det var det Jesus og disiplene åt då Da Vinci måla dei.
Er det egg i vin?
Kan gjær få fugleinfluensa?

Kanskje dei hadde eg i håret.... Iallefall vanvittig glansfullt.

Må eg og resten av dei bekymra tysnesingane få lagt inn straum og vatn i Ragnhildsholo?
Er det egg i musikk?

Eg er bekymra.

tirsdag, oktober 25, 2005

Ingen namn!

Kvifor kan ikkje oss mennske òg få ikkje ha eit namn?

Kvifor er det berre dette spelet som ikkje har namn?? Det er urettfeigt!!

Eg òg vil ikkje ha eit namn..

Spelet utan namn:
http://www.freeaddictinggames.com/popup/1517.html

mandag, oktober 24, 2005

Førjulsstemning

Det månedlege

Eit brev. Frå banken. Skummelt.
Det er visst angåande bankkortet mitt; ansvar i form av plastikk.

Men eg veit jo kva som står der.
Eg veit kor mykje eg har brukt denne månaden; eg har ikkje svindla nokon, eg er ikkje den typen (eg veit ikkje korleis).

Men likevel følar eg meg som ein ung Elling: eg har fått eit brev, noko viktig, og eg er sjølvsagt redd det.
Eg er redd det skal stå noko usant.
Kanskje eg har tatt ut meir enn kva eg eigentleg har gjort?
Kanskje andre personar har gjort noko mystifystisk?

Men eg må jo åpna det.

Nervene dirrer av spenning, fingrane skjelv av begeistring - "ferskt papir" tenkjar dei blodig og gleder seg stort til å rive det kvite og tørre kjøtet.
På lappen står det mange tal. Eg veit ikkje lenger kva som er opp og ned på papiret.
Korleis kan vetige personar skjøne eit papir stappfull med hieroglyfar,
eit papir drukna i blekk på avvegar, eit papir skapt for å laga trafikkaos?

Jaja.
Så fekk eg no fyr i peisen i dag òg.

søndag, oktober 23, 2005

Eg har planar

Når fugleinfluensaen kjem skal eg ta inn under ein stein på fjellet, slikt som tysnesingar har gjort før meg. Denne gongen med parabol og solcelle drevet TV. Då skal eg drikka brus og eta Big Mac og sjå på korleis folk er sjuke og kvitrar rundtom i verda.
Jau, dette vert sikkert skikkeleg artigt. Eg kan nesten ikkje venta.

lørdag, oktober 22, 2005

Dagens

onsdag, oktober 19, 2005

Bombe-trussel

Du har fått ei bombe i ein pakke på kontoret. Om du rømmer, sprenger den.
Men du har fått ein sjanse! Du kan løyse dei logiske oppgåvene og får leva lykkelig alle dine dager, til neste trussel.

Eg kan melda ifrå at eg lever fortsatt. Eg har fått trusselen to gonger!

Eit superbra spel! Eg anbefaler på det sterkaste!

Her er linken: http://www.highlanderbr.com/site/skins/custom/the_package.php

torsdag, oktober 13, 2005

Dagens

Dette må vel vere det folk kallar do-humor.

tirsdag, oktober 11, 2005

Dagens politikk.

Eg kom over ein morosam artikkel der herr Schwarzenegger vil få fram eit forslag om å forby vold og sex i spel.
Greitt nok, tenkte eg. Det vil ikkje påverke Noreg, sjølv om me kunne hatt godt av det.
Men - morosamt nok peika artikkelen at han sjølv har profilert seg som fleire valdsfigurar, deriblant Conan og The Terminator, men eg tenkte jo med eitt på alle spela som er laga, med han som The Terminator i hovudrolla.
Eg kan nok tenkja meg at dei fleste har ein god dose vald i seg.

Sjølvmotsigande er eit fint ord.
Ja, det likar eg.

mandag, oktober 10, 2005

Dagens filosofiske undring over kva eg kan gjera istadenfor leksane mine.

Eg trur nesten eg må gje namn til tærne mine.
Det er jo rett og slett urettferdig at fingrane mine skal få egne namn og graderingar, mens slitarane i underetasjen må forbli namnlause, som ein jaga mann i den fjerne austen eller ein mann med bart i den ville vesten.
Nei, eg veit heller ikkje kva eg pratar om.

Men foreløpig har eg gravd fram to heile namn: Flygande Sky og Bertil.
Kanskje Respatex-prinsessa er dugeleg nok?
Eller Lolle-Lars?

Kan eg få nokre forslag?

mandag, oktober 03, 2005

Solformørkelse,

er jo ikkje akkurat den store hendinga her på øya. Sola er jo vekke allikavel.

søndag, oktober 02, 2005

-Nei, takk! Eg er feminist!

Eg har no bestemt meg. Når livet er vanskeleg og ein rett og slett ikkje veit lenger, då står ein igjen med eit einaste val.
Eit val ein vert tvungen til å ta i den sjuke verda; det er verre enn stortingsval, det er verre enn pizzaval, det er verre enn valet mellom.... Nei, skrot det; Det er verst!
Det er ikkje eit val eingong. Det er siste løysning:
Eg skal bli feminist!

Eg skal brenna BH'en, eg skal slutta å barbera armane, eg skal aldri presse ut eit born, og eg skal kle meg som ein mann ved namn Harry, og eg skal stille tåpelege krav.
Eg skal vere redd for edderkoppar og aldri hogga ved. Eg skal mislike alt med to appelsiner og ei banan, og skal ikkje vera redd for å drikka te.
Eg skal ha førti katter, og kunne namnet på dei alle saman - frå Ingolf til Mannevond.
Og alle skal kastrerast!
Eg skal kalle meg Ragnar, og sei at mannsnamn er kjønnsdiskriminerande.
Eg skal gå i rare klede frå fretex og sei at dei symboliserer noko, sjølv om eg ikkje veit heilt kva.
Eg skal ha kort hår og lukte rart.
Eg skal advara alle jenter om menn, og alt eg hatar med dei.

Eg skal finne mi indre mannehatande og sjølvstendige kvinne.

Men sanneleg, då må eg grava djupt! Så kanskje ikkje heilt endå....

(Kvalifiserer dette meg som eit medlem av jernfeministene?)

lørdag, oktober 01, 2005

Fascinerande ...

Dette er kanskje ikkje like fascinerande for dykk, som for meg. Men eg tykkjer at det er ganske fascinerande.
Eg he eit dikt inne på dikt.no, vel ikkje berre eit, men eg vil nemna eit spesielt eit. Det heiter "A real friend".. Dette diktet er tydligvis veldig spesielt. 700 folk har vore inne og sett på diktet. Men berre ein kommentar(to, om du reknar med min!). Eg blir heilt sjokka over at så mange vil sjå diktet mitt. Og som ein opplysning, den nest mest leste diktet mitt er på 35 "sjåarar"..
Her er provet mitt: http://dikt.no/index.php?page=vis_tekster&BrukerID=21890&sort=visn