søndag, oktober 30, 2005

To timar til besvær

Det er helg, så kvifor ikkje sove lenge?
Vel, laurdags kveld fekk eg ein god grunn:
- Frukost klokka ti i morgon tidleg!

Så eg stod opp, ein heil time før min "no bør eg stå opp"-rutine, berre for å oppdage at nokon hadde stilt klokka i natt. heile verda, sånn omtrent.
Så, med tanke på at eg stod opp tidlegare enn vanleg, fekk eg heile to timar, som eigentleg ikkje eksisterte. Dette døgnet er no på 26 timar.

Men kva i all verda skal eg med desse to timane?
Søndagane varar alltid litt lengre enn resten av vekedagane, men dette er å dra det for langt.
Bokstaveleg talt.

Skal eg bruke dei fornuftig (lekser), eller gje blaffen og sjå på min firkanta, kostelege boks?
Vala er mange, svara er få.

Men eg kom så til å tenkje; når du spør nokon om kva dei driv med, så kan det hende dei svarar likegyldig: "Ingenting".
Og kanskje det er dette eg skal bruke mine to timar på, nettopp ingenting.

For eg kan vel ikkje gjere noko i to timar som rett og slett ikkje eksisterer?