søndag, oktober 02, 2005

-Nei, takk! Eg er feminist!

Eg har no bestemt meg. Når livet er vanskeleg og ein rett og slett ikkje veit lenger, då står ein igjen med eit einaste val.
Eit val ein vert tvungen til å ta i den sjuke verda; det er verre enn stortingsval, det er verre enn pizzaval, det er verre enn valet mellom.... Nei, skrot det; Det er verst!
Det er ikkje eit val eingong. Det er siste løysning:
Eg skal bli feminist!

Eg skal brenna BH'en, eg skal slutta å barbera armane, eg skal aldri presse ut eit born, og eg skal kle meg som ein mann ved namn Harry, og eg skal stille tåpelege krav.
Eg skal vere redd for edderkoppar og aldri hogga ved. Eg skal mislike alt med to appelsiner og ei banan, og skal ikkje vera redd for å drikka te.
Eg skal ha førti katter, og kunne namnet på dei alle saman - frå Ingolf til Mannevond.
Og alle skal kastrerast!
Eg skal kalle meg Ragnar, og sei at mannsnamn er kjønnsdiskriminerande.
Eg skal gå i rare klede frå fretex og sei at dei symboliserer noko, sjølv om eg ikkje veit heilt kva.
Eg skal ha kort hår og lukte rart.
Eg skal advara alle jenter om menn, og alt eg hatar med dei.

Eg skal finne mi indre mannehatande og sjølvstendige kvinne.

Men sanneleg, då må eg grava djupt! Så kanskje ikkje heilt endå....

(Kvalifiserer dette meg som eit medlem av jernfeministene?)

1 Comments:

Blogger Hanna said...

Jaja, du går allereie med rare klede frå Fretex, so då er du jo godt på veg.

lørdag, oktober 08, 2005 10:23:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home