fredag, september 23, 2005

Dagens undring

Det er merkeleg: me har minst tre forskjellige typar yoghurt i kjøleskapet, til saman rundt to liter, haugevis med mjølk, eg har ljomme på alt eg ser, me har to typar ost, fem, viss du reknar med skinkeostane, og me er berre tre personar.
Og det er mykje å reflektere over når ein står foran all denne guddommen; kor mykje investerer me i meieriprodukt kvar veke? Kor mange kyr må til for å produsere vårt forbruk?
Kor mykje av ozonlaget øydelegger kvar av desse kyrna i veka med sanselaus fjerting?
For å seie det kort:
Er meieriprodukt dårleg do-humor eller eit alvorleg miljøproblem?