mandag, september 12, 2005

Nei, takk.

Vel, det er valgnatt, og Noreg ser ut til å husa verdas idiotar. Sånne som Hagen og hans lojale hærskare. Eg frytar sjølvsagt det verste.
Sidan eg berre er 15, heile tre år frå 18 og stemmerett, så ser det ut til å bli leverpostei på meg ei stund framover. Noko som er greitt; eg liker leverpostei. Fram til no har eg fått det servert på loff, utan agurk. Eg liker leverpostei, akkurat sånn.

No i dei siste timane så har eg begynt å vurdera andre alternativ til ei regjering, deriblant kommunisme med ein rablande gal diktator med ein skruefabrikk laus til leiar for olje- og velstandsnasjonen Noreg.
Ja, det hadde tykkja meg godt.
Kanskje han heller ikkje hadde kunne snakka norsk eller engelsk, så hadde me ikkje forstått pilten av da han hadde brøla ut frå høgstolen sin.
Han kunne h sagt nei til alt; nei til EU, nei til ditt, nei til datt.
Han kunne kalla seg Kåre Ingolf og delt ut gratis leverpostei. Svart, sjølvsagt.
Nei, viss eg skulle hatt mitt eige land, så veit eg iallefall kven eg ville stemma på!

3 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Vel, viss ingen andre vil leggja igjen ein kommentar, så gjer eg det!!

tirsdag, september 13, 2005 6:19:00 p.m.  
Blogger Mads said...

Eg og har tru på diktator, men dette fins det ikkje noko parti for. Er det nokon som vil vera med å starte eit? Fritt for å vera diktator!

onsdag, september 14, 2005 9:50:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

I god tradisjon skal ein gjere eit statskupp for å bli diktator, ikkje bli folkevalgt.
Så her er det berre til å finna fram vasspistolen, karar!

torsdag, september 15, 2005 2:01:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home