Katten har pønta seg!
Tenkte det var på tide med ein oppdatering på mitt liv, for det har skjedd litt av kvart i det siste.
Går no i 10., og opplever kvardagen som ein hatt med frukt i toppen.
Det er kjekt, med andre ord.
Me har opplevd nokre få forandringar på skulen.
Steinar har begynt å sjekka leksa i engelsk, og sidan me aldri gjer den, så skal han laga eit "system" for å sjekka leksa i framtidige engelsktimar (åh-åh).
Bringebær-yoghurt smakar godt. Det kan eg ikkje sei om molte-yoghurt; ja, det er ikkje ein trykkleif, det finnes no òg yoghurt med molter i. Gleder meg til dei går tom for fruktsmaker.
Har klyppt meg, og er fornøyd.
Har oppdaga gleda med windows media player - eg kan høyra på mine yndlingssongar mens eg gjer sånne ting som dette. Den einaste ulempa er eit teit stjerne-system, som gjer songane mine eit visst antall stjernar, målt etter kvalitet.
Og Kaizers Orchestra fekk berre tre av seks stjerner!!!!!
Her er det nokon som skal få eddik og deng med sukker på toppen!!!
Legenden Jimi Hendrix sine songar fekk berre fem av seks stjerner, og då begynner eg å undrast på kva som skal til for å oppnå den fulle poengsum.
kanskje eg skal leggja innpå Vestlandslefsos klassiker, "Vaffelsongen"?
Det var alt eg hadde å seie for denne omgang, i tillegg til at tittelen ikkje har noko med innlegget å gjera. Det var berre noko eg har lese i Nemi.
Mint!

1 Comments:
Har du sjekka Beatles? For viss ikkje dei... ja, då...
Legg inn en kommentar
<< Home