søndag, april 30, 2006

Svidd barn skyr ilden

Eg har kjøpt meg drops eg ikkje likte...
Nokon som vil ha?

fredag, april 28, 2006

Kva skjedde?

Det var ei lita stund heile landet og veldig mange andre land i verda, sånn som England, kanskje, eller Belgia, frykta noko så smått at ein måtte innbille seg at det var der.
"Pandemi" var det nye tabu-ordet, og fuglane var heile verdas syndebukkar.
Folk hamstra xylogiho, fihjyx, humstryx og alt anna som hadde x eller y i namnet sitt.
Men etter kvart, som med alt anna som står i avisene, forsvann oppsyret rundt det litt etter litt, og no føles det som heile saka berre fordampa i ignoransens heite.
Så eg lurar på: kva skjedde med fugleinfluensaen?

tirsdag, april 25, 2006

"Ein satans god dag!"

Dagbladet kan i dag melde om ei rekkje fanatistar/satanistar som ei stund har erklært 6. juni 2006 (666) som den Lucifer vil gjenoppstå og helvete bokstaveleg talt vil bryte laus.
Sjølvsagt har me dei som utnytter situasjonen til sin fordel, denne gongen underhaldningsbransjen.
Det vert ein relansering av skrekklassikeren "The Omen" og dei aller fleste black metal-band kan eg tenkje meg har planar for dagen.

Men eg spør ganske enkelt: Kva skal du den 6. juni 2006?

søndag, april 23, 2006

Ting det smakar Grandiosa av

I dag: Ein gammal paprika eg fann i kjøleskapet.

Det var mest det faktum at eg var svolten som avgjorde mitt val om kva eg skulle innta som mitt siste måltid i dag; ein tvilsom paprika og noko plastikk-inspirert kvitost.
Og det smakte litt rart. Litt sånn Grandiosa-aktig, viss de skjønar.
Og det er ikkje kvaliteten på maten i kjøleskapet ein skal stille spørsmål til, men heller heile Noregs nasjonalrett Grandiosa.
For er det meininga at det som for mange er ein delikatesse skal bli assosiasert med nokre heller tvilsomme matrester?

fredag, april 21, 2006

Min indre po(t)et

Vårstemning

Fuglanes kvitring i ein gyllen harmoni
OG ME VIL ALLE DØY!!!!
av fugleinfluensa

tirsdag, april 18, 2006

Verda; ein tilfeldigheit?

Det finnes ein del mennekser som meiner at verda vart til ved "Big Bang". Eg, om eg så må snakke for meg sjølv, meiner ikkje det. La meg fortelje korleis folk flest tenkjer:

For 10-20 milliardar år sidan skjedde det eit stort smell, som namnet, "Big Bang", tyder. Vitenskapen forklarar hendinga så komplisert at ingen eigentleg har hatt ein moglegheit til å forstå kva som eigentleg skjedde. Men for å forklare det så enkelt som mogleg, forklarer dei at opphavet til smellet var eit stadig økande trykk, som til slutt utløyste ein voldsom reaksjon. Det store smellet var eit faktum og universet vart til. Jorda plasserte seg i ein tilfeldig avstand frå sola, slik at temperatur og atmosfæren var ideell for at levande organismar kunne utvikle seg der. Gjennom millionar av år vart jorda ein frodig plass, med eit virrvarr av forskjellege plantar, dyr og mennesker. Det vanskelege mennesket. Eit så vanskeleg menneske at om du skulle skreve ned alle "kodane" til DNA-et ville teksten ha vore eit leksikon på 10 000 bind per mennske. Korleis kan alt dette, ha vorte til ved ein tilfeldigheit?

Nei, for meg blir dette som gresk; uforståeleg. Det må jo vere nokon bak alt dette.
(Og her kunne eg ha lagt ut om all min kunnskap om mi tru; kristendommen. Om at Gud skapte verda. Om at Han skapte deg og meg. Men for deg blir dette gresk. Eg veit rett og slett ikkje kva eg skal seie.)
Eg kan i alle fall seie at eg trur at Gud skapte verda. At Han står bak alt dette som er vorte skapt. Om det ikkje er Han, kven då?

fredag, april 14, 2006

Sjekkeri, sjekkera

I min evigvarande ferie kom eg over ein liten artikkel om korleis akkurat eg kan bli vår moderne tids Don Juan. Kan ikkje seie at dette er noko særleg relativt for meg, sidan eg berre er 16 (altså ikkje klar til å gå på by'n) og heller ikkje definisjonen på ei festløve.
Men likevel ga den meg nokre få tips om kva eg ikkje bør seie/nemne/prate om/osv som kan vise seg å vere særdeles nyttige i framtidige sjekkeriar/patetiske forsøk.
Det var særleg replikkane "eg har ein doktorgrad i it-teknologi" og "bestekompisen min er helikopterpilot" som skilte den erfarne frå taparen.
For meg er det kanskje mest nyttig å ha dette i minnet sidan ingenting av det stemmer, men ein kan heller ikkje benekte kor frastøtande dette vil virke i praksis.
Det stod òg at eg måtte unngå film - likså greitt når yellow submarine er yndlingsfilmen min, men ingen har sett han/likt han - og heller snakke om reise:
"mi erfaring med utlandet e' fira timar i utkanten av Sverige. Der va alle treo skeive og maten var på svensk". Og det stod jo i artikkelen at eg skulle vere kreativ og helst morosam.

tirsdag, april 11, 2006

Smalltalk

Eit amerikansk fenomen praktisert betre og gjort større nytte av i sitt kjære heimland.
Ein kan ikkje heilt påstå at det er like norsk som vår kjære ostehøvel eller binders, men likevel på veg til å verte så norsk McDonald`s.
Grunnen til at eg vel å skriv om dette er at med åra har dette vorte ein elsk og hat-del av livet mitt; på godt og vondt, altså.
Det er særleg på msn, det søte kommunikasjonsmiddel, at dette har vore til stor nytte.
For, dersom ein skal halde ei seriøs mine, kva kan ein eigentleg snakke med totalt framande om?
Kvar kjem du ifrå? Kor gammal er du? Korleis er veret? osv....
Skulle eg kanskje snakke om religion/livssyn eller politikk/tullball med fyrste møte?
Nei, ærleg talt veit eg ikkje, men det er vel som alltid ein grunn til at me har småprat.
Og med det usle poenget seier eg takk for meg, og takk for småpraten.

Ferie; trøytt

I dag prøvde eg å overbevise meg sjølv om at deodoranten faktisk var tannkrem.
Det var den ikkje.

søndag, april 09, 2006

Galskapen fortset

No er det tydelegvis ikkje lenger lov til å klemme på trær.
Kven skal eg få min daglege kosemoseoverdose frå no?

fredag, april 07, 2006

Påskens

No har dei visst funne ut korleis ein skal koke eit egg.
Men eg er ikkje heilt sikker på korleis ein skal koke vatnet, nokon som har ein formel for det òg?

onsdag, april 05, 2006

Ei anna røynd

Den forbaskade kråka har tatt flaska mi! Mister eg han no som eg har dratt tilbake i tid?
Og eg skaut istappen med pil og bogen og kom meg vidare, men søren òg, trengte eg visst ikkje bomber for å sprenge snøballen?!
Æsj, òg.
Og så skulle eg hjelpa den gamle dama, men skaut heller skurken med pil og boge istadenfor å ta han med sverd. Og då sprengte han, for sånt skal ein visst ikkje gjere.
Så vart dama lei seg, for no vil det ikkje gå så bra med butikken deira.
Men viss du slår dinosauren på halen med sverdet eksploderer han og du får pengar.
Sånt er kjekt.