fredag, april 14, 2006

Sjekkeri, sjekkera

I min evigvarande ferie kom eg over ein liten artikkel om korleis akkurat eg kan bli vår moderne tids Don Juan. Kan ikkje seie at dette er noko særleg relativt for meg, sidan eg berre er 16 (altså ikkje klar til å gå på by'n) og heller ikkje definisjonen på ei festløve.
Men likevel ga den meg nokre få tips om kva eg ikkje bør seie/nemne/prate om/osv som kan vise seg å vere særdeles nyttige i framtidige sjekkeriar/patetiske forsøk.
Det var særleg replikkane "eg har ein doktorgrad i it-teknologi" og "bestekompisen min er helikopterpilot" som skilte den erfarne frå taparen.
For meg er det kanskje mest nyttig å ha dette i minnet sidan ingenting av det stemmer, men ein kan heller ikkje benekte kor frastøtande dette vil virke i praksis.
Det stod òg at eg måtte unngå film - likså greitt når yellow submarine er yndlingsfilmen min, men ingen har sett han/likt han - og heller snakke om reise:
"mi erfaring med utlandet e' fira timar i utkanten av Sverige. Der va alle treo skeive og maten var på svensk". Og det stod jo i artikkelen at eg skulle vere kreativ og helst morosam.