tirsdag, april 18, 2006

Verda; ein tilfeldigheit?

Det finnes ein del mennekser som meiner at verda vart til ved "Big Bang". Eg, om eg så må snakke for meg sjølv, meiner ikkje det. La meg fortelje korleis folk flest tenkjer:

For 10-20 milliardar år sidan skjedde det eit stort smell, som namnet, "Big Bang", tyder. Vitenskapen forklarar hendinga så komplisert at ingen eigentleg har hatt ein moglegheit til å forstå kva som eigentleg skjedde. Men for å forklare det så enkelt som mogleg, forklarer dei at opphavet til smellet var eit stadig økande trykk, som til slutt utløyste ein voldsom reaksjon. Det store smellet var eit faktum og universet vart til. Jorda plasserte seg i ein tilfeldig avstand frå sola, slik at temperatur og atmosfæren var ideell for at levande organismar kunne utvikle seg der. Gjennom millionar av år vart jorda ein frodig plass, med eit virrvarr av forskjellege plantar, dyr og mennesker. Det vanskelege mennesket. Eit så vanskeleg menneske at om du skulle skreve ned alle "kodane" til DNA-et ville teksten ha vore eit leksikon på 10 000 bind per mennske. Korleis kan alt dette, ha vorte til ved ein tilfeldigheit?

Nei, for meg blir dette som gresk; uforståeleg. Det må jo vere nokon bak alt dette.
(Og her kunne eg ha lagt ut om all min kunnskap om mi tru; kristendommen. Om at Gud skapte verda. Om at Han skapte deg og meg. Men for deg blir dette gresk. Eg veit rett og slett ikkje kva eg skal seie.)
Eg kan i alle fall seie at eg trur at Gud skapte verda. At Han står bak alt dette som er vorte skapt. Om det ikkje er Han, kven då?

10 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Sett at det fantes uendeleg mange univers, og at kvar univers byrja ved slutten.
Med det meiner eg at det som får universet til å slutte òg er årsaka til det enorme trykket og fødselen av eit nytt univers.
Ein skal ikkje stille spørsmål med eininga uendeleg, for det er noko det allmenne mennesket ikkje er skapt for å forstå.
Mitt gudssyn (men ikkje religion) er litt annleis enn ditt, som du kanskje ser, og dette er mi tru.
Med andre ord er eg ein ateistisk kristen (litt pleonasme: med ein paradoksal tru).

Framtidige samtalar liknande dette emnet kan vere noko å glede seg til :D

tirsdag, april 18, 2006 7:50:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

uff! Eg blir heilt galen av å tenka på sånne ting :Z

onsdag, april 19, 2006 6:09:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Ja, men eg ser på religion som levereglar å leve etter, ikkje noko å dyrke.
Eg er kristen i den forstand at eg lever etter Bibelen og dens etikk, samtidig som eg avviser gudstrua.
For meg er gudane eit fantasiprodukt, skapt som eit miserabelt forsøk på å forklare det uforklarlege/overnaturlege.
Eg veljer heller å godta at alt ikkje kan forklarast og mykje er ein tilfeligheit.

Men for all del, ikkje til fornærming mot di tru. Smak og behag :p

onsdag, april 19, 2006 10:41:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Du er så konservativ.

torsdag, april 20, 2006 6:48:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Kva har kvinner og forsamlingar med min praksis av etikk å gjere?

Og sidan Thomas ikkje trur på tilfeldigheitar vert det du seier om hans eksistens urelevant.

Og ein siste ting: ein skal ikkje stille spørsmål ved Skaparen, i alle fall ikkje dersom ein er kristen (sånn som Thomas).

Så det du seier er så urelevant til denne diskusjonen som det kan bli.

Sidan di tru er vitskapen, verkar det som om du har vanskeleg for å sjå saken frå alle sider.

fredag, april 21, 2006 3:45:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Her må det rettast, Jøran.
Eg trudde du var dum før kommentaren òg :p
Neida, frå alvor til spøk:
Eg ser at debatten omhandlar litt for mykje tilfeldigtheiter etter min smak; når eg og Chris (ikkje så veldig kristne) snakkar om "tilfeligheiter" refererer me eigentleg til evolusjonen som har skjedd over tid og tilpasninga til organismar (oss, til dømes) over lang tid.
Så det er å dra det ut av kontekst med å seie at absolutt alt har skjedd ved tilfeldigheiter, men enkelte ting er litt tilfeldig.

fredag, april 21, 2006 10:57:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Menne menne... Korleis trur du det fyrsta atomet vart skapt Ketil. Va da høno eller atomet som kom fyrst? Det må jo vera nåke som va der, eller "noko" som skapte det atomet, som berre bygde på seg o.s.v. til the Big Bang kom... Eg e ikkje nokon rakettforskar, men...
Åh! Eg hate å tenka på sånne ting! Eg komme kje t å få sova i natt;)

fredag, april 21, 2006 11:28:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Eg synes framleis kvinner og forsamlingar angår meg i den aller minste grad.

mandag, april 24, 2006 9:31:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Rettelse: kvinneforsamlingar.

mandag, april 24, 2006 4:28:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

"kvinner kan ikkje tale i forsamlinger osv"
Kanskje ikkje nødvendigvis kvinneforsamlingar, nei, men du veit kva eg meinte.

Og frå no av trur eg eg vil kalla meg ein human-etikar, og så får eg heller vere kristen kvar onsdag og halv fem...

mandag, april 24, 2006 7:57:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home