torsdag, september 29, 2005

Kvifor er eg meg?

Akkurat dette er noko eg ikkje bryr meg om folk får med seg eller ikkje, men eg må berre få d ut! Okey? Følg med om du vil, og viss ikkje, ja, det er eit fritt land!

Eg har funne ut noko, eg vil ikkje uttala meg i kva eg fann ut, og korleis, men eg vil fortelja kva som skjedde inni meg då eg fann det ut:

Sjølv om du ikkje vil tru det, men hjarta brast, knakk. Eg fekk ein forferdelig "flash-back". Såg for meg framtida, ikkje ein bra ein. Kvifor har dette skjedd? Kva feiler det meg? Kvifor er eg slik eg er? Kvifor? Kvifor er eg meg? Kvifor? Kvifor ...?

Eg he merka ...

... at det er lenge sidan eg skreiv eit innlegg sist.
... at å ete ein stor yoghurt på 40sek er ikkje vanleg.
... at det skal stå snusfornuft likevel.
... at julenissen ikkje finnes likevel.
... at lekser tar altfor mykje av den såkalla fritida vår.
... at eg burde ta dette opp anten med rektor, eller til stortinget(alvorlig).
... at eg skrive "... at" for mange gonger.
... at eg burde slutte å skriva i det heila, no!



Hams!(*Lekser tar for mykje av den såkalla fritida vår)

søndag, september 25, 2005

Reidars rider

I dag morges las eg om ein konsertarrangør i Otta som nekter å oppfylle bandet turboneger sin rider. Forståeleg nok; dei krevde 50 l alkohol, deriblant dyr champagne og masse smågodt.
Og er det nok folk i heile Otta til å betale for dette. Er det nok alkohol i Otta til å oppfylle krava?
Må dei få tak i folk og alkohol utanifrå for å få råd?
Berre fanden veit, trur eg nok me får seie i dette tilfellet.

Men alt dette har inspirert meg til å lage min eigen fantastiske rider.
Den er ikkje alkohol- eller sukkerhaldig, berre rimeleg.
Here it goes:
- Ei skål plommer
- to skåler plommer
- finner ikkje på noko her
- endå ei skål plommer, helst blå

Vel, det var alt. Kan du innfri desse krava, så har du fått deg ein konsert med meg, overspist på plommer.

lørdag, september 24, 2005

Dagens

Ein flukt frå kvardagen.

fredag, september 23, 2005

Dagens undring

Det er merkeleg: me har minst tre forskjellige typar yoghurt i kjøleskapet, til saman rundt to liter, haugevis med mjølk, eg har ljomme på alt eg ser, me har to typar ost, fem, viss du reknar med skinkeostane, og me er berre tre personar.
Og det er mykje å reflektere over når ein står foran all denne guddommen; kor mykje investerer me i meieriprodukt kvar veke? Kor mange kyr må til for å produsere vårt forbruk?
Kor mykje av ozonlaget øydelegger kvar av desse kyrna i veka med sanselaus fjerting?
For å seie det kort:
Er meieriprodukt dårleg do-humor eller eit alvorleg miljøproblem?

torsdag, september 22, 2005

AAaaaaaarggggh!!!!

Kvifor vil printeren berre skriva ut framsida mi i feminine fargar?

Feministiske printarar no til dags, altso!!!

tirsdag, september 20, 2005

Så var det dette hersens veret

I det siste har det heldigvis vore litt variert, men sånn er det langt i frå alltid. Som regel må me ta til takke med overskya ver dag ut og dag inn. No så det nesten, er nesten vinter er eg bekymra for vinter veret. I fjor var det vel berre overskya, litt regn og knapt snø. Sommaren i år var like ille, med lave temperaturar og som regel overskya. Eg veddar på at 250 av årets dagar er overskya, utan verken regn eller anna form for nedbør. Overskya kan knapt kallast ver i det heile. Men før i gamle daga, då hadde dei ver då. Med snø, sol, kuling… ja dei hadde faktisk ver! Ikkje dette nøytrale, kjedeleg og einsformige greiene me har no.

søndag, september 18, 2005

Dagens

Litt humor i kvardagen:
Joker nord

lørdag, september 17, 2005

Nye bilete



fredag, september 16, 2005

Dagens

Ei kjapp oppdatering på mitt liv:
Denne veka har me hatt tre prøver, der ein av dei var ein overraskelse frå lærarane.
Eg er utslitt.
Skal til fredag skrive ei oppgåve om eit emne frå Peer Gynt; kunne tenkt meg å gått rundt.
Og i dag var Helge Jordal på besøk i klassen vår, og han framførte halve Terje Vigen til oss, noko som var stor stas med bollar og brus på toppen!
Med andre ord, det går fint.

mandag, september 12, 2005

Nei, takk.

Vel, det er valgnatt, og Noreg ser ut til å husa verdas idiotar. Sånne som Hagen og hans lojale hærskare. Eg frytar sjølvsagt det verste.
Sidan eg berre er 15, heile tre år frå 18 og stemmerett, så ser det ut til å bli leverpostei på meg ei stund framover. Noko som er greitt; eg liker leverpostei. Fram til no har eg fått det servert på loff, utan agurk. Eg liker leverpostei, akkurat sånn.

No i dei siste timane så har eg begynt å vurdera andre alternativ til ei regjering, deriblant kommunisme med ein rablande gal diktator med ein skruefabrikk laus til leiar for olje- og velstandsnasjonen Noreg.
Ja, det hadde tykkja meg godt.
Kanskje han heller ikkje hadde kunne snakka norsk eller engelsk, så hadde me ikkje forstått pilten av da han hadde brøla ut frå høgstolen sin.
Han kunne h sagt nei til alt; nei til EU, nei til ditt, nei til datt.
Han kunne kalla seg Kåre Ingolf og delt ut gratis leverpostei. Svart, sjølvsagt.
Nei, viss eg skulle hatt mitt eige land, så veit eg iallefall kven eg ville stemma på!

søndag, september 11, 2005

Kvifor ikkje?

Dagens.

Viss Hagen hadde blitt statsminister, så hadde nok heile statsbudsjettet gått med til hårspray.

lørdag, september 10, 2005

Makro Fotos

Eg fann ut at eg ville gjenoppliva ein utdøydd trend på bloggen: å publisera bilete.

Her er eit utval av alternative makro-foto:









fredag, september 09, 2005

Overføring ...

Overføring kan vere genialt. Du kan overføre spel, musikk, rett og slett alle filer fra ein datamaskin til ein annan.

Men slik overføring eg tenkjer på er telefonoverføring. Når du snakker med ein på ein sentral kan den personen på sentralen overføre deg til andre telefonar. Slik system kan du få overalt på fabrikkar og nesten overalt.

Dette fekk eg oppleva i dag. Eg skulle snakke med Dell angående Pc'en min som ikkje var levert. Eg måtte jo sjølvsagt fortelja heile historien om når eg kjøpte Pc'en og at det sto på ordrestatusen på nette at han var levert. Når han egentlig skulle komme og alt det der.

Så var det det at han på Dell gav meg eit tlf. nr. til Linjegods, fordi det var det selskapet som leverandøren hadde levert han til. Då eg ringte Linjegods(i Oslo), fortalde eg heile historien der også. Dei må jo verte kjent med historien for at dei skal hjelpa meg. Etter eg var ferdig med heile historien, sa dama at ho skulle overføra meg til ei anna. Ho gjorde det og eg måtte fortelja alt på ny.

Ho sa at Bergen-Linjegods hadde levert han til HSD, men meir kunne ho ikkje sei. Så ho satt meg over til Linjegods i Bergen. Og då var det på'n igjen. Heile historien på ny. Off! Jaja.. Men denne gongen vart eg ikkje ferdig med historien før han satte meg over til ein annan mann. Der fekk eg lov til å fortelja heile historien. Heldige meg!

Då eg var ferdig med historien hos han, sa han at eg burde ringa til HSD. Og der satte han meg over.

And the history goes on and on. Han på HSD i Bergen sa eg skulle snakka med HSD på Tysnes. Han satte meg over! Wee.. Han på HSD-Tysnes sa eg burde ringe til sjåføren. Og det måtte eg gjere.

Og endelig. Han sa han var på vei og at eg fekk han mellom kl. 4 og 5.

Og det fekk eg! No koser eg meg med den nye PC'en min. Weee..

Alt etter alt var faktisk PC'en PÅ TYSNES! PÅ TYSNES! Heile tida mens eg snakka med alle dei folk i Oslo, Bergen og på Tysnes. Fyttigrisen.

PS. Det kan vere eg har gløymt nokon folk eg snakka med. Tvila ikkje.

Takk for meg!

torsdag, september 08, 2005

Dagens

onsdag, september 07, 2005

Dagens

Og då var det tid for endå ei oppdatering av mitt liv.
I det siste har det vore ein konstant flyt av prøver, og som vanleg begynner eg året med eit hakk dårlegare karakterar enn kva eg slutta med i fjor. Ingen grunn til bekymring.
Elles stresser eg med forberedelsar til julashowet og alt det andre sullet.
Grunn til bekymring.

Framtida mi ser ut til å innehalda intens pugging og masse te.
Jaja. Kunne vore verre. Kunne ha vore ei appelsin.

mandag, september 05, 2005

Tysnesmail!

Dette er vel kva me alle har venta på, eller kva? Berre synd det koster 100 kroner i året, ellers hadde eg kasta meg på tilbodet.

Her er linken!

søndag, september 04, 2005

Ferdig med ungdomsskulen - ? neste!

Om eit lite år skal eg ut i den store verda, og synest at den godt kunne ha vore litt mindre.
Det er masse å ta med i rekninga angåande skuleval, som foreldre som ynskjer minst mogleg arbeid og slekt som ynskjer barnepass.
Eg har over ei lengre tid gått mellom både skular og plassar, og det er alltid noko nytt å vurdera.
Etter ein litt lengre do-tur enn nødvendig kom eg til den konklusjonen at Bergen e' byen, og linja er musikk. Enkelt og greitt.
Det er eigentleg ingen av linjene i by'n som fokuserer på musikk - unntatt Kongshaugen, men då må eg bu på internat - men det utgjer eigentleg ikkje nokon særleg betydeleg forskjell, det vert jo ikkje kalla "musikk, dans og drama" utan grunn, så eg helde ein tommeltott på Bergen, i verste fall Stord.
Den linja som fokuserer på drama har eg eigentleg ikkje tenkt på før no, men den står øverst heilt til eg får veta meir om den. Eg trur den ligger i Fyllingsdalen.

Iallefall så gleder eg meg stort til me får nokre fristande brosjyrer å sikla på.
Då skal det ta heilt av............

fredag, september 02, 2005

Alle barna....

Dette er ei lita samling med "alle barna"-vitser om klassen vår som eg og Marita satt saman over ein samtale på msn. Forhåpentligvis er dei fleste nye bidrag til den velkjende vitseserien.

Alle barna likte den nye regjeringa, unntatt herr Engevik, han opplevde det som eit landssvik.

Alle barna hadde kome heim frå ferie, unntatt Linda, ho hadde satt fast håret sitt i grinda.

Alle barna hadde ein hund, unntatt Åse, hun hadde ein måse.

Alle barna lekte med motorsag, unntatt Svein, han var grein.

Alle barna hadde tomatsaus på kjøttbollene unntatt Silje, hun likte best vanilje.

Alle barna ringte til Falken, unntatt Bjørn, han ringte t ei ørn.

Alle barna leika i sanden, unntatt Maria, ho fauk i sklia.

Alle barna pussa tenna, unntatt Chris, han hadde gebiss.

Alle barna stemte på Carl I. Hagen, unntatt Malin, ho stemte på Stalin.

Alle barna likte ketil, for han var fin å se til.

Alle barna fekk saus i kaka, unntatt Randi, ho fekk sand i.

Alle barna betalte kontant, unntatt Marita, ho fekk da på krita.

Alle barna budde på Tysnes, unntatt Maria, ho budde i Mongo-Lia.

Alle barna vart overraska av slutten, unntatt Ørjan, han visste det frå børjan.

Alle barna såg på trafikkulykka, unntatt Christoffer, han var offer.

Alle barna kunne gå på ei rett linje, unntatt Svein, han var for stein.

Alle jentene var uheldige, unntatt Silje, ho gjorde det med vilje.

Alle barna drakk brus, unntatt chris, han drakk piss.

Katten har pønta seg!

Tenkte det var på tide med ein oppdatering på mitt liv, for det har skjedd litt av kvart i det siste.
Går no i 10., og opplever kvardagen som ein hatt med frukt i toppen.
Det er kjekt, med andre ord.
Me har opplevd nokre få forandringar på skulen.
Steinar har begynt å sjekka leksa i engelsk, og sidan me aldri gjer den, så skal han laga eit "system" for å sjekka leksa i framtidige engelsktimar (åh-åh).
Bringebær-yoghurt smakar godt. Det kan eg ikkje sei om molte-yoghurt; ja, det er ikkje ein trykkleif, det finnes no òg yoghurt med molter i. Gleder meg til dei går tom for fruktsmaker.
Har klyppt meg, og er fornøyd.
Har oppdaga gleda med windows media player - eg kan høyra på mine yndlingssongar mens eg gjer sånne ting som dette. Den einaste ulempa er eit teit stjerne-system, som gjer songane mine eit visst antall stjernar, målt etter kvalitet.
Og Kaizers Orchestra fekk berre tre av seks stjerner!!!!!
Her er det nokon som skal få eddik og deng med sukker på toppen!!!
Legenden Jimi Hendrix sine songar fekk berre fem av seks stjerner, og då begynner eg å undrast på kva som skal til for å oppnå den fulle poengsum.
kanskje eg skal leggja innpå Vestlandslefsos klassiker, "Vaffelsongen"?
Det var alt eg hadde å seie for denne omgang, i tillegg til at tittelen ikkje har noko med innlegget å gjera. Det var berre noko eg har lese i Nemi.
Mint!