NB!! REKLAME TIL ALLE KOMANDE ELEVAR. MED FØREHALD OM OVERDRIVINGAR.
Pøh! Jammen sa eg skule.. Fengsel hadde nok passa betre enn skule. Dag og natt sit me her på internata, under streng bevokting av ein tilsynslærar. Om ikkje det skulle vera nok, har me ikkje lov til å gå ut av internata etter halv elleve! Måltida er til faste tider, og rekk me ikkje dei... Nei, då lyt me gå utan mat heilt til neste gang dørene til den strengt bevokta matsalen atter ein gong opnar. Dette er historia om Framnes Kristne Vidaregåande Skule.
”Framnes er ein kristen vidaregåande skule, og dette skal prega både skule og fritid” står det i skulereglementet. Noko anna som står er at ein ikkje har lov til å arrangera dans her på skulen. Kva er no det for noko tull? Kva har dans med kristendomen å gjera? Kva negativt kan folk sjå i ein dans? Ok, det er greitt at det ser dumt ut å gjera impulsive røyrsler til nymoderne musikk, laga på datamaskinar. Men den gode gamle discoen då? Kvar er det blitt av den? Eg trur det er viktig å hugsa på at dansen er eit sosialt samvere, der fleire går saman for å ha det gøy i lag. Dei får både kroppsleg og mental kontakt med kvarandre, og på denne måten vert dei betre kjende. Så kvifor ikkje, skulestyret? Kvifor ikkje?
Morgonstund har gull i munn, heiter det. Eg må ærleg talt vedgå at på Framnes har eg ikkje hatt mykje gull i munn om morgonane. Kvar morgon lyt me opp, før skulen byrjar, for å gå på ein morgonsamling! Personleg likar eg å ha akademisk ro på sengekanten så lenge som mogleg før eg tek dei tunge stega ned til vårt fossile, iskalde klasserom. Men nei, det kan eg ikkje når eg går på Framnes, nei. Ikkje nok med at det er morgonsamling kvar morgon. For å få frukost, må eg vera på plass minst eit kvarter før morgonsamling byrjar for i det heile å få mat! Dei tar nemleg inn maten eit kvarter før me går til morgonsamling! ”Tossaskap”. Frukosten er slutt. Du er for trøytt til å gå på rommet. Morgonsamlinga er ikkje begynnt. Dette ville vel kanskje vore tida for røykarane, til å gå utanfor og nyta morgonsigaretten. Men Framnes, med sine intellektuelle leiarar, fant ut at det ikkje skulle vera lov å røyka på området til den vakre skulen. Ein lyt gå heilt ned til ein tilvist røykeplass, der det er både kaldt og surt. Dersom ein her ikkje er varsam når ein nyttar nytelsesmidlet sitt, kan ein lærar sjå affæren, og då vert det sjølvsagt brev med heim til ho mor.
Men frå ein ting til ein heilt annan. For oss musikarar på skulen, er det sjølvsagt godt at me bur nære kvarandre, og lett kan samlast når me skal spela. Då eg skulle byrja på vidaregåande skule, var eg sjølvsagt i tvil om kva skule eg skulle velja, og ein av grunnane til at eg valde nettopp perla Framnes, var at det var eit så godt musikkmiljø her, og det var gode mogleikar for samspel med kameratar. Men då ein av mine langhåra venar fann ut at han ville ta med seg eit trommesett og settja det inn på vårt uendeleg store, uutnytta kott, der me ønskte å laga musikkrom var sjølvsagt dette strengt ulovleg. Det var rett og slett ingenting å diskutera. Eg måtte ha ein grunn til dette, så eg spurte dei likegodt kva problemet var. Kvar er logikken i dette meiningslause vedtaket? Svaret var at eit trommesett laga for mykje lyd. Rett på meg dersom eg tek feil, men eg meinar å ha rett då eg påstår at mine høgtalarar, og ikkje minst min gitarforsterkar kan gje mykje høgare ljod enn eit trommesett! Kan grunnen rett og slett vera behov for autoritær makt hjå dei eldre? Føler dei seg usikre, og har behov for sjølvrealisering? Let dei dette gå ut over elevane? Eg trur rett og slett svaret på denne myta er at dei som styrer Framnes er litt sadistiske. Dei tenner på å gjera oss vondt og å nekta oss noko. Logikk er det hvertfall ikkje i avgjerdsla, noko som vitnar om ein korrupt ”toppetasje” på Framnes.
Mamma seier alltid at det er så bra at eg valde akkuratt Framnes, fordi ho synest det verkar så flott her. Maten likar ho også svært godt. Eg kan godt skjøna at ho har fått eit slikt inntrykk av skulen, fordi dei einaste gongane ho har vitja meg er i foreldrehelgene, og kan skjøna kjøkkenet lyt diska opp med god mat då! Veka før, og veka etter står maten ekstra lenge på borda, og dei serverer dei deiligste matrettar. På påleggsfronten har dei alle moglege tenkelege lekkerbiskenar – det minnar faktisk meir om eit dyrt koldtbord enn eit vanleg matbord. Kjøkkendamene tørkar av seg dei sure, nedtrykte, dømande, stygge blikka deira, og byrjar heller å verta koselege og snille. Alt dette handlar om fasaden til kjøkkenet. Eg skjønar ikkje at dei gidd å nytta så mykje tid og krefter på å verka så mykje betre enn dei er. Det strider jo faktisk også mot kristne prinsipp. Du skal ikkje streva etter noko du ikkje er. Nei... Mi meining er at det er heilt gale av kjøkkenet og skulen å verka så god akkuratt når det er foreldre til stades. Det blir på mange måtar som å lyga. Dei gjev oss eit falskt bilete av skulen. Ei vrangførestilling. Verkelegheita er tørt brød som ikkje Hardanger Bakeri selde dagen før – eller var det året før? Og om ikkje det er nok med brød som set seg fast i halsen, nyttar dei til vanleg råtna agurk, gamle fårepølser, mjuk paprika, grøn tomat, mygla ost og illeluktande skinke. Middagen er ikkje noko betre. 5 dagar i veka er det frityrsteikt fisk. For å få dette til å verka meir tiltalande, og for å få uutanforståande til å tru det er ein variert middagsmeny på Framnes, har dei 5 ulike namn på denne retten også! Og når eg allikevel var inne på temaet, så er det ei veke med kjøkkenvask for alle internatbuarane på Framnes. Då står dei tre timar og vaskar opp på kjøkkenet kvar dag i ei heil veke! Kva har ein kjøkkendamer til? Er kjøkkendamene bare i bruk under foreldrehelga? Absurd.
Heldigvis har me mykje gode lærarkrefter. Nokre av dei er sant nok eldre enn oldeforeldra mine, men me lyt tru på det som vert sagt, at dei gamle er best. Sjølvsagt er det også unge lærarar. Unge og smarte gymlærarar. Utan å nevna namn, er det til og med ein gymlærar som er svært godt likt blandt jentene på skulen. Misforstå meg rett, men eg meinar bestemt at denne gymlæraren har hatt eit svært godt auga for dei mindreårige jentene også. Eg trur det er grunnen til min gode karakter i faget. Eg trur aldri han har sett på meg, så karakteren min er nok ut ifrå det broren min presterte i si tid. Elles er det lærarar med varierande interessar her ute på halvøya. Blant anna er det ein norsklærar frå Nord-Møre, som er totalt Aasenfrelst, me har ein fysikk og mattelærar som liknar på ein fisk av ukjent art. Me har ein engelsklærar som trur han er Gud. Me har ein annan engelsklærar som likar å pynta seg og gå med dress sjølv om han ikkje synest noko om jenter. Snodig fyr... Kort sagt: Framnes har ei svært spesiell lærarsamansetjing.
Men for all del: ikkje tru at det er bare negative ting å seia om Framnes! Sjølv om det mest er negativt, så har me då iallfall noko positivt! Me har både brusautomat og kiosk... Velkommen som ny elev skuleåret 2006/2007!