onsdag, februar 08, 2006

Usynlege meg

Jaja, så har eg klypt meg igjen. Den kvar-tredje-måned-klyppen av mitt tragiske hår. Det virkar jo som om me aldri blir fornøgde med håret me har. Me klyppar jo oss heile tida. Klypp ditt og klypp datt. Ja, det kunne vore noko eget å klaga på her på klagebloggen, men klagar me? Nei, fordi me veit at me alle er slik.

Nei, det eg vil klage på i dag er det at ingen legg merke til at du har klypt deg. Er det fordi det er vanleg å klyppe seg at du ikkje legg merke til det?

I morges då me kom på skulen, før skulen hadde begynt på ordentleg, sat me der i klasserommet. Lyse var som vanleg av, fordi me er så trøtte at me ikkje orkar å ta det på. Og eg sit der spent på å få høyre eit:

- Åh? har du klypt deg?! Gratulera, Thomas!

Fordi det var ingen som hadde sagt det på bussen, som var ganske uvanleg. Plutseleg kjem ein annan i klassen inn. Han har fått seg ny lue, som var eigentleg ganske vanskeleg å sjå sidan me sat i mørket. Men Ingse, som sit bak meg, bryt ut:

- Åh? har du fått deg ny hua?! Gratulera, Tronn!

Det var ingen som la merke til at eg hadde klypt meg. Det er det som er tragisk, ikkje håret mitt. Kanskje det er ingen som legg merke til at eg er der i det heile.
Vel, nokre er vel ikkje til for å bli lagt merke til, slik som meg. Eg er nok usynleg.

2 Comments:

Blogger Hanna said...

Da pleie ikkje å vera nåken so merke når eg klyppe meg heller. (Eller dvs. da e Kenneth so klyppe meg, men whatevvah liksom.) Bortsett frå Selda då, men eg mistenke at ho berre kommentere da med jevne mellomrom liksom, for ho veit at eg klyppe meg ofta. Folk har i grunnen alltid spurt meg om eg har klypt meg eller farga håret på alle mulige absurde tidspunkt. Sjølv om eg ikkje har gjort korkje da eina eller da andre. Nuvel nok om da. Da eg egentlig prøve å sei e at eg kjede meg og den polske internetten e fuckings treig.

onsdag, februar 15, 2006 1:28:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Intern humor-bloggen er to kvartaler fram og til høgre, Hanna.

Men veit nokon kvar sarkasme-bloggen ligg? Eg har visst gått meg vill....

onsdag, februar 15, 2006 1:28:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home