tirsdag, februar 28, 2006

Dagens

I kveld føler eg meg som David Letterman, så av den grunn skal eg vise noko, nemleg ein uttalelse frå sjefen sjølv - kronidioten, cowboyen og Busken:
Bin Laden hjalp meg.

Det er vel viden kjend at Bush har to år igjen av sin siste periode som president, og kan ikkje bli gjenvalt. Det er likså greitt.
Gudane veit korleis han vart gjenvald fyrste gongen (juks? eg tippar at amerikanarane er så late at dei ikkje tok seg bryet med å stemme).

Den nye folkesporten for tida er jo nemleg det å gjere narr av prototypen på tullingar frå Texas, men kvar gong eg høyrer ein uttalelse, nokon nemna han, berre namnet hans, så tenkjer eg på Haikerene guide til galaksens tankar om oppgåvene til ein president.
Dei er lite kompliserte og ganske grunnleggjande, viss ikkje litt spesielle:
Ein president skal, ifølge boka, ikkje prøve å ordne opp i problemet (det kan andre få gjere), men heller rette fokuset mot noko anna, sånn at alle feil og negative ting vert gløymd.
I boka stal den dåverande presidenten eit uvurderleg romskip, men etter mi meining er Georg Dobbeltve Busk sine påfunn minst like bra og effektive.
(takkar Chris for genial oversetjing av namnet).