Elektronisert mat-hysteri
Det er rart korleis me har allslags former for duppeditter for å utføre dei enklaste ting, som for eksempel å lage mat.
For eg fekk ein pizzaovn til jul i år. Det var noko eg hadde begjært og beundra sidan eg visste kva ein pizzaovn var, og no hadde eg altså fått ein sånn skjønnhet rett i fanget.
Og med den skal eg lage pizza. Mykje pizza.
Sjølv om eg kan gjere så mangt med det som ser ut som den raude versjonen av Enterprice (Star Trek- fans, rejoice!), så skal eg eigentleg til sjuande og sist (eller noko sånt) bruke den til pizza.
Men eg vart minna på at eg hadde noko liknande i kjøkkenskapa frå før, nemleg både eit toastjern og ein cappucino-maskin. Dei skal berre bli brukt til det namnet tilseier, ingenting anna.
Til saman tar desse tre duppedittane opp ein kjøkenbenk, men lagar ikkje meir enn eit lite (og usunt) måltid.
Cappucino og pizza er nokre av mine mange livretter, så kva om eg plutseleg skulle få bruk for eitt maskineri til kvar livrett i framtida?
Er det verkeleg nødvendig med lasagneovn og ein sjokoladeoppbevarar?
Desse to tinga kan jo sjølvsagt framstille ein spesiell temperatur tilpassa til kvar av lekkerbiskane, og som følgje av dette må dei jo vere store. Enorme. Monstruøse!
Og til det vil eg få bruk for eit større kjøken.
Men kva viss eg vart lei den maten, og bestemte meg for å ha laks til middag:
Stor laksekrydringsmaskin, større laksemarineringsmaskin, størst laksesteikjemaskin!!
Enormt kjøken!!!!! (veldig stor mage).
Dette er like sant som det er ironisk, og det er slettes ikkje rart me nordmenn pussar opp kjøken i dyre summar; ein plass må me jo gjere av leiketøya våre.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home