søndag, november 13, 2005

Dommedag

Eg kan hugse ein hamster som ein gong budde på Breidablikk.
Den fekk mykje mat, som den igjen hamstra, som namnet tilseier.
Eg forstod aldri kvifor.
Hadde eg vore ein hamster, hadde eg nok ete alt eg fekk servert, og heller hamstra det i magen.
Men då måtte dei vel kalla meg noko anna, ikkje hamster.
Kanskje dyrsometmykje?
Vel, alt det er urelevant, og poenget er dette.

For me hamstrar. Mykje.
Og med "me", så meiner eg Noreg generelt.
Ikkje nødvendigvis Tysnes, sjølv om me hadde ein falsk alarm for ikkje så lenge sidan.

Og eg har igjen gløymd kva poenget mitt var.