Jakten er i gong!
I går var både mamma og pappa på den årlege handlerunden på Stord, tysnesingane sitt Vegas.
I alle fall mamma og pappa sitt.
Og med den tradisjonen kjem fleire tradisjonar, noko eg, Det siste barn i huset, med glede ivaretar.
Det begynte med at eg var rundt sju, og Jorunn, mi sleipe søster, skulle lære meg korleis eg kunne snike på pakkesangane utan å bli tatt.
Freistnaden var stor.
Men det tok òg litt av gleden med jula; det er noko ein skal glede seg til, ikkje bruke opp med ein gong. Men born er born, og eg er framleis det lille barnet som rett og slett ikkje kan vente heile tre veker, kanskje heller ikkje tre dagar.
Men den fyrste gongen eg var på tjuvtokt var ikkje mamma og pappa særleg smarte; dei la pakkesangane under eit teppe i den gongen der me tilbrakte mesteparten av tida vår.
Men i år, derimot er pakkane borte vekk.
Eg har gått gjennom heile huset, og må innrømme at foreldrene mine rett og slett har kome meg i forkjøpet. Eg fann mange gåver frå slekt og liknande, men ikkje dei frå mamma og pappa, og deler nå mi store sorg med alle dykk èin lesarar.
Jaja.
Eg får trøysta meg med dei pepperkakane eg eigentleg ikkje skulle finna.

3 Comments:
1. Dei er godt gøymd!!!
2. Dei var ikkje i hus enno då du leita!!!
Eg nemnte aldri kortid eg leita etter gåvene.
Og eg venta ei stund (dagar) før eg begynte å leite etter dei, for eg rekna med at de venta litt før de tok dei inn.
Ja, men eg venta før eg leita.
No er du like blond som alle jentene i klassen til saman.
Legg inn en kommentar
<< Home