Takk for alt!
Julaften er her, inga tvil.
Det er den kvelden på året der heile familien set seg ned som ein familie og et seg proppfulle på sjokolade og sprudlande og smakstilsatt vatn.
Kvart år. I år òg.
Mat har det alltid vore nok av, og sjølv om me var to personar mindre enn i fjor, så hindra det ikkje oss i å lage ein like stor porsjon.
Eg reknar med å vakne med tømmermenn i magen i morgon.
Men eg skal vere direkte for ein gongs skuld og takke for den knall raude pizzaomnen (-hjertelig, som Øystein ville sagt), takk for all god musikk (særleg tante Gunhild) og godt snop (Silje), og takk for eit tidsfordriv (tante og onkel på Stord, som ga meg og Jorunn kvar sin hersens IQ-leike. Det fulgte dessverre ikkje med IQ).
Det var noko av det eg fekk i år, ikkje ver lei deg viss du ikkje vart nemnd.
Takk for i år!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home