søndag, mai 22, 2005

Sauelogg, dag 3.

Dei greidde ikkje å vekkja meg like effektivt i morges som i går. Men dei fekk det no til, det skal eg ikkje sjå vekk ifrå.
Det er ikkje stort nytt å rapportera sidan gårsdagens hending (sjå forrige innlegg), utanom at eg undrast på kortid dei vert ferdige med den lille plenen som er det næraste beitet til tomten som me kallar Breidablikk.
Eg undrast likevel på framtida. Vil dei greie å vekkja meg på eit perfekt tidspunkt i morgon tidleg (kvart på sju, takk!)? Kor lenge vil me kunne høyra den jamrande brekinga overgå lydnivået me har her på Breidablikk?
Vanskeleg å seie.
Så følg med i framtidige innlegg for den spanande fortsetjinga!

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Sauer er koselige dyr *bæ* Men kanskje ikkje i helgene...

mandag, mai 23, 2005 1:24:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home