Sauelogg, dag 2.
I går vart alle sauane til han Bernhard satt ut i fridommens hage, og vart straks god underhaldning for byfolk og bygdatullingar som meg.
Eg meinte dette var stor stas med ein haug med lodne og brekende dyr til naboar, heilt til i morges.
Dei som har opplevd ein skikkeleg regnbyge på vestlandet veit godt kva dei no søkkvåte dyra måtte gjennom. Alt dette resulterte til ein evigvarande klagesong, som no har slutta, og var like ubehageleg å oppleva om morgonen som å finna ein finger i chilien.
Før pleide eg å klaga over å ha soverom rett attmed elva, sidan den bråka og støya, og var ein plage for søvnen. Då eg fekk meg soverom så langt vekke frå elva som mogleg, tenkte eg at dette var ein befriing, og skikkelig dunderhonning for søvnen.
Så fekk eg sauane på mi side, mens dei med elva nyter den herlege søvnen.
Jaja. Alt eg hadde trengt å gjera for å stoppa larmen, var å lukka det øverste vindauget mitt.
Men eg var for trøtt.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home