søndag, mai 15, 2005

Ketil er ein nerd.

E3. Julaften for spelfanatikere. Høgdepunktet for alle med cola som blodtype.
Og nå er den her, den største nerdemessa me alle har venta på.
Og i år er det ekstra spesielt, for i år skal alle dei tre neste generasjons-konsollane visast fram, og då snakkar eg sjølvsagt om Xbox 360, Playstation 3 og Revolution.
Xbox 360 vart vist fram på MTV, med ein stor kjendisgalla for nokre dagar sidan, og det er rett og slett berre ein forbetra versjon av den originale Xbox. Ingenting nytt, med andre ord.
Playstation 3 har det vore lite nytt om, men fram til nå ser det ut som endå ein gadget-konsoll.
Dei har alleireie sluppet ut nokre screens til eit multiformat-spel til alle dei neste generasjons-konsollane, og det såg eigentleg ikkje noko spesielt ut, til og med ikkje grafikken såg ut som neste generasjons-grafikk. Men me får nok nokre skikkelege smurfedrops å godta oss på dei neste dagane.
For i morgon er det Sony sin dag. Dei skal forhåpentlevis visa fram PS3, og dei fleste store spelutviklarane skal visa fram sine titler. Det har som sagt vore lite nytt om PS3, men i morgon får me vel veta det meste. Fram til då kan me stira på veggen og håpe på det beste.
På tysdag er det Nintendo sin dag, og det er den dagen eg har gått og venta på i omtrent eit år.
For på den forrige E3-messa i fjor avslørte Nintendo Revolution og Zelda Gc. Personleg gjer eg fullt blaffen i Revolution, og venter spent på spelbarheten til det neste Zelda. Tittel og release-dato er det som pirrer tomlene mine mest, sidan dei tre demoane som skal vera til stades på E3 allereie er dratt fram i offentlegheita, då eit spansk spelblad fekk lov til å koma til Nintendo sitt hovudkvarter og prøve herlegheita, ein heil månad før E3. Dette resulterte i ein haug med screens og spekulasjoner, i tillegg til dei to videoane som allereie var lagt ut til visning.
Når det gjelder Revolution, så er det allereie lagt ut ein falsk video, som skulle vere presenarsjonsvideoen til Revolution. Det var som forventa at ein ellker annan smarting skulle laga ein falsk video, sidan det ikkje er fyrste gongen noko sånt har skjedd, men det som var så forbløffande var kor godt laga den var.

For fleire opplysningar om den store spelverda, så anbefaler eg
www.gamesradar.com
www.ign.com
www.vg.no
www.aftenposten.no

1 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Eit lite vedlegg:
E3 tyder "Electronic Entertainment Expo", og det er ikkje masse om spel på aftenposten.

søndag, mai 15, 2005 1:51:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home