torsdag, mai 05, 2005

Litt av kvart om kvardagen.

Eg tenkte eg skulle skriva eit innlegg om forberdelsene til konfirmasjonen og alt det som har skjedd i den siste tida. Så det gjer eg. No.
Det har vore veldig masse stress på matfronten, kven skal bake kaker, kven skal lage maten til laurdagen, kva skal me laga til lairdagen, og så vidare.
Alle dei problema er heldigvis løyst.
Eg skal laga lasagne og blautkake til laurdagen, og til sjølve konfirmasjonen har alle bidratt med sitt.
Grunnen til at skriver alt dette, veit eg ikkje. Kanskje det er interessant, men det er det slettes ikkje.
Eg skulle eigentleg skriva eit innlegg som tok for deg alle intrigane her på Breidablikk dagane før, men det har vore relativt roleg.
Eg har baka eit eller anna kvar dag, og Mamma har vaska to hus i tillegg til å baka.
Når det gjelder antall bakstverk, så kan eg vel seie at frysaren var eigentleg stappfull for lenge sidan. Heldigvis var det ein frys i Gjersvik òg, i tillegg til dei to frysane me har heima.
Det var vel eigentleg alt. Viss det er nokon som har spørsmål eller invendingar om menyen, så kan du baka det sjølv. No er me lei.

Eg vil spesielt takka naboen vår, Sigrid, for kakebidrag som eit bevis på kva ein ekte nabo er, og Kari Lise, for stor hjelp med masse, blant anna reingjeringa i Gjersvik.

I dag har det ikkje vorte så masse baking, berre eitt brød, sidan eg og Tante Roger har vore hos Blogger Thomas i dag, og resultatet av det har vorte veldig mange meininglause filmar, eller milfar, som Roger seier.
Det gjenstår berre litt klypping, redigering, liming og problemløysing før me kan leggja dei ut på bloggen.

Og eg har i det siste funnet ut at eg elsker å ta bilder og filme. Karriereval? Gudane veit.......

3 Comments:

Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Jaja.... Berre me får den ut på bloggen.

fredag, mai 06, 2005 11:18:00 a.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

......Hahahahahahahahahahaha......

søndag, mai 08, 2005 8:13:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du har gjort en god jobb på matfronten før konformasjonen,Ketil!

søndag, mai 08, 2005 8:43:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home