tirsdag, juli 24, 2007

Meir vil ha meir

Som alle andre bortskjemte nordmenn (generelt) har eg ein materialistisk hunger - ikkje det at eg har noko særleg bruk for til dømes ei ny klokke som eg endeleg kan setje fyr på og ta med til 10000 meters djup rett etterpå, men den passar så fint med den eksklusive skilpaddelampa eg såg i butikken i går.
Vanlegvis, når Ingvild stel dataen min - som kan vere ganske vanskeleg å få tilbake - og sit i lange stunder på ikea.no, så humrar eg litt iscenesatt berre for å demonstrere kva eg synst om det heile -nordmenn pussar jo opp meir enn nokon andre (*sett inn imponerande statistikk*)!
Det er det same når Jorunn set seg ned med Den heilage boka (ikea-katalogen) med ein kopp te, fordi det tydelegvis er den største kjensla av harmoni ei kvinne kan oppnå.
Nei, eg er ikkje mannsjåvinistisk, for her er poenget mitt med det heile; sånn er dei fleste menn òg, sjølv om me er litt meir diskret med saken.
Nyleg viste Henrik meg eit lite utval sofaar på ikea han planla å kjøpe, men ville høyre mi meining om dei - samstundes viste eg han Oddvar, den fantastiske krakken eg sikla etter.
Og sånn gjekk kvelden for oss to, me sat på msn og kakla i veg om sofaar og stolar og alt me fann på sida, og kor rart det var med at alle stolane hadde menneskenamn (minnar meg forresten om ein Donald-historie eg las, der alle møblane kom til live og tok hemn over menneska - men nok om det), og nokre dagar etterpå tok me turen på ikea;
Oddvar var gått ut av produksjon, Henrik vart meir usikker på sofavalet sitt, og folk såg rimeleg rart på oss; eg endte opp med å kjøpe noko eg kan ha alt bestikket mitt i (ikkje ein skuff).

Og no har den materielle lysta returnert; eg har lyst på ein fotskammel. Den ifrå ikea.
Hybelen min er nyoppussa (sat inn eit bord med nokre stolar, kasta ut andre ting), og Karlstadt ville passa perfekt inn. Eg har litt sparepengar til å finansiere fråtseriet, og synst eg fortener det, etter å ha vore ganske sparsom på innreiinga mi (ikkje kjøpt nokre nye møblar i det heile!).

Håpar berre ikkje Ingvild og Jorunn ler snusfornuftig når dei les dette.

Uansett, poenget mitt er: Nokon som vil vere med på ikea?

søndag, juli 22, 2007

Då eg vart flat

Knotten, Breidablikk sin stolte huskatt, er forbi pensjonsalder, og har endeleg fullført sin store livsdraum om å bli ei herleg sofapute. Det hender nemleg noko når dyr, så godt som mennesker, eldast, og livserfaringa kan samlast i ein reisekoffert i passe størrelse, og takast fram når det skulle vere tid for sånt. Og tid har ein jo masse (eller mindre?) av når ein vert eldre.

For i det siste har eg sett den bustete huskatten vår sitje i graset og berre sjå ut på livet; han skal ikkje jakte etter mat, beskytte territoriet sitt eller eller skape avkom (noko han ikkje er i stand til heller - forresten litt vel tørr beskriving av paring, kanskje?), han berre sit og ser på noko.
Og eg veit ikkje heilt kva.
Grunnen til at eg skriv om dette, er den artige anekdoten Jorunn nemnte for meg i dag; det gjelder om karakteren til ferjebillettørane, og korleis, i den dødtida dei har medan dei skriv ut billetten din, kastar eit lengtande blikk ut mot havet - som om den beskjedne jobben deira berre er ein mellomstasjon på veg til ei større hensikt, eller meining, drøymen om å vere kaptein på sitt eige skip (ferje?) og sjå forbi Bjørnefjorden og ut i verda, på nattehimmelen og det store kosmos!

Eller dei berre kastar eit lengtande blikk for å sjå filosofiske og djupe ut.
Poenget mitt er at sånt kan ein aldri heilt vite, nett som konklusjonen på dette innlegget.
Så eg sluttar heller av med Victoria sine enkle ord: "Fææja!"

PS. Tittelen hadde heller ingenting med ingenting å gjere, eg berre tenkte den var litt artig, og at de skulle lese gjennom innlegget mitt med stor iver for å finne poenget (som det som vanleg ikkje er).



onsdag, juli 11, 2007

Dagens

Når ein tilbringer så mykje tid på nettet som meg (og alle andre som har ein pc), kjem ein over litt av kvart av artige innslag, og ikkje minst veldig treffande kommentarar.

Dagens er om det nye helsespelet til Nintendo - Wii fit - som lover at ein skal kome seg i form relativt avslappande (nokre få, enkle øvingar til dagen), og på spillmagasinet hadde ein innbitt pc-spelar dette å seie om det:

At de gidder, jeg veier 250 kilo, og trenger f**n ikke noe helsespil. jeg spiller WoW for det er best og det er livet, en gang spilte jeg det i 72 timer i strekk, har spilt det siden det kom ut ( i strekk ) Visst det er noen heite berter der ute som er interresert i kontakt så bor jeg med min mor i Gjerstad.


Ironi, det magiske stoffet som utgjer nettet :)

søndag, juli 01, 2007

Tid for oppdatering, både om bloggen og livet mitt

Eg ser at mitt siste innlegg daterer til 5. mai i år, så eit nytt eit var kanskje på tide.
Ein del har faktisk hendt sidan den tid, eg har blant anna sagt meg ferdig med 1. klasse og eit år på Katten, og sakte, men sikkert, byrja på min ganske lange sommarferie, særleg i forhold til dei me fekk på Tysnes (sadistiske lærarstab).
Eg skriv lengre ferie, fordi, som aftenposten gjorde merksamd på tidlegare, så byrjar sommarferien etter dei siste prøvane i faga, og me har for det meste brukt skuledagane på å eta is i parken. Så me skal ikkje klage.
Bortsett frå i geografi, der me hadde lekser og undervisning til siste slutt.
Bortsett ifrå alt det, så kan eg oppsummere skuleåret med at det har vore veldig kjekt, til tross for meir arbeid enn venta, og 2. klasse ser ikkje ut til å bli så gale.
Eg er faktisk litt spent; som fag har eg valt både fysikk og filosofi, og i tillegg to (ja heilt to -2-) mattefag, så det kan nok bli interessant nok.

Når det gjeld ferien min, så - etter nokre få forsøk - endte eg opp som arbeidsledig boms; den største sjansen for jobb var vel hos Alsaker som resepsjonist, men eg bomma på intervjuet med å uttrykkje kor usikkert eg var på arbeidstida (fulltid i 6 veker med lite rom for pause - laaangt meir enn eg hadde venta), og alternativet var/er ein sommarjobb for "Tysnes",
men, og dette seier eg ofte, fortenesta i forhold til arbeidstid er nok for liten, og eg har heller aldri bedd om lønsøkning, fordi, innerst inne, synst eg ikkje det er ein kjekk jobb, berre endå ein jobb - og ein lønsøkning hadde vore veldig forpliktande, til tross for at eg jobbar 100% freelance.
Så ein kan nok seie at eg har spolert det for meg sjølv med vilje, som om eg ikkje ville ha ein fast jobb denne sumaren; det er i og for seg sant, men sanninga er den at eg heller ikkje har funne den ideelle sumarjobben, noko som for meg ikkje er ein krevjande fulltidsjobb, men heller ein enklare deltidsjobb, der eg jobbar rundt fire dagar i veka.
Så neste sumar søkar eg jobb på rimi, og får han (ja, eg er sjølvsikker, sjølv om det ofte er ubegrunna).
Elles så har eg faktisk hatt ein ganske fin sumar fram til no, til tross for å vere ein boms - har nytt solskinsdagane med bading og vennar eller plenklypping og måling, og dei regntunge dagane betyr ei god bok eller eit godt spel (det har heldigvis ikkje vore så mange av dei, elles hadde eg blitt veldig bleikfeit - nei, eg veit ikkje om det er eit ekte ord).
Kvar dag har mange høve, og det overraskar meg heile tida korleis dei berre dett ned i fanget mitt.

Innlegget vart nok litt lengre enn kva eg vanlegvis bryr meg med, men sjå det heller som ein oppdatering av den typen som berre kjem eit par gongar i året.

Håpar sjølvsagt at alle får ein fin sumar, så snakkast me heller til hausten :)