mandag, januar 15, 2007

Mitt opium, mitt liv

Min 4. dag utan TV, eg lever, inga tvil om det.
Eg merkar at eg byrjar å savna enkelte program, kanskje særleg God Morgen Norge, men til tross for alle abstinensar går det ganske bra.
Korleis ein kan beskrive det tilværet eg for tida lever i er litt vanskeleg; tv-titting er ikkje ein hobby, ikkje ei plikt, ikkje ein jobb, det er noko heilt eige.
Underhaldning? Ja, men det er òg nintendoen min, pc'en, gitarane mine, musikken generelt, og alle dei reknar eg på eit eller anna punkt for å vere hobbyar.

Det er ikkje fyrste gongen eg har vore utan tv - på fleire feriar har eg gått nett like lenge utan massemediet, men då har eg vore førebudd, klar over det, dette er eit påtvinga tilvære eg finn meg glatt i; kortid eg faktisk får tv'en att er usikkert, men eg trur ikkje eg tør skru han på lenger, for det kan hende eg ein dag har fått kanalane mine att, og no er det eit liv eg ikkje vil gå tilbake til.

Rens sjela mi, og forbanna vere massens opium.

(Skjønt, hadde nokon tatt ifrå meg internetten, hadde det skikkeleg klikka for meg!)

torsdag, januar 11, 2007

Tida, og korleis ho er eit gode

Eg har snakka ein del om meg sjølv i dei siste innlegga, men til ein forandring skal eg snakke litt om mine tankar om ting og tang (det var eigentleg ironi, men kom ut som noko litt uforståeleg).
For i går, då eg kom heim og, som eg gjer kvar einaste dag, skrudde på tv'en, så merka eg at parabolen hadde falt ut, og eg var 23 kanalar fattigare.
Greitt nok, tenkte eg, har både bok og gitar og nintendo, og eg greidde meg faktisk heilt fint utan simpsons og discovery channel.
No, i skrivande stund, er eg på min andre tv-lause dag, og må seie det går særdeles bra; eg har meir tid til alt mogleg, både av hobbyar eg lenge har prøvd å få tid til (lese ferdig boka mi og spele gitar) og lekser og matlaging og rydding, og så vidare...

Eg veit dette er noko søster Jorunn og kvasi-svoger Mads skal prøve seg på ifrå februar av, og eg må seie det er ein fantastisk idè! Eg byrjar å tvile på om me i det heile treng tv lenger.

Men berre så det er nemnt, så snart eg får kanalane att, trur eg det går tilbake til den gamle rytmen, med dårlege komiseriar og satiriske teikneseriar, for eg treng faktisk at nokon tek ifrå meg tv'en heilt og eg ikkje har noko val.

Men det har kome noko godt ut av desse dagane; no veit eg kvifor alle er hengt opp i tidsklemma.

onsdag, januar 10, 2007

Ynskjeliste til bursdagen min den 23. februar år 2007, som er om lag om ein og ein halv månad, men om ein halv månad vil det berre vere ein månad til!

Ein kan aldri vera for tidleg ute med å leggje ut ynskjelista til bursdagen sin, meiner no eg, så difor er eg ein månad for tidleg.
Lista er ikkje frittflytande og generell, men heller konsis og presis, noko eg trur folk vil setje pris på det.
Ting er ikkje i tilfeldig rekkjefylgje:
-Zelda: Twilight Princess til gc (no bør folk - mamma og pappa - ta hintet); eg har eigentleg aldri blitt noko særleg eldre sidan min fyrste nintendo.

Herifrå er ting i tilfeldig rekkjefylgje:
-To store, kvite puter til sovesofaen min.
-Eit fint og kvitt dynetrekk til sovesofaen min (ja, mamma, eg veit eg fekk eit på Breidablikk som eg òg gløymte der, men kunne aller helst tenkt meg eit nytt eit utan blonder, som berre er mitt).
-Strekklaken, type kvitt?
-Termos, type Thermos, svart og rundt o,5 liter (noko liknande den herlege termosen eg fekk av tante og onkel i aust, og som pappa sørgja for at mamma køyrde over - han skulle eigentleg ikkje bruke den termosen eingong!).
-Sjokolade! (og anna godt); hugs den gyldne matregelen: Alt går i grisen!
-Klede; til jul fekk eg både sokkar og t-skjorter, som vart sete stor pris på - eit hot tips der, alt går på grisen!
-Gitarstativ (sånn på golvet) til akkustisk gitar.

Innlegget bil bli oppdatert fortløpande, etter mitt materialistiske behov.

Dagens ord: Mitt, mitt, MITT!!!

mandag, januar 08, 2007

Nyttårsløfter

Ja, det er den tida av året (byrjinga), ja, det er eit typisk tema, ikkje så veldig originalt, ja, eg er ei veke for sein med dette, og ja, det vart litt for mange komma i denne setningen.

Men på denne veka har eg fått litt tid til å tenkja på ikkje kva eg skulle ynskja eg kunne forbetra drastisk og mirakuløst, men heller kva som ville vera realistisk å fullføra på lang sikt, altså små og enkle mål eg vera fleksibel med, og veldig sannsynleg realisera:

- Eta meir frukt, mindre snop; eg er allereie godt i gong med dette løftet, og det går ganske bra.
- Lesa 12 bøker i 2007, èi for kvar månad; er nesten ferdig med mi fyrste allereie.
- Få ein meir strukturert kvardag, leggja meg tidlegare, eta gode frukostar; det er den hersens døgnrytmen...
- Spleisa Anders og Linda; det er berre snakk om tid (it`s only a matter of time), og eg meiner dei berre treng eit ørlite dytt - ein superb idè, meiner eg, og tviler ikkje på om fleire er med på den planen (Åse var ganske entusiastisk).
- Ynskja meg Zelda: Twilight Princess til bursdagen min den 23. februar; dette er eigentleg eit ganske stort hint til forledra mine.
- Få nokon til å bestilla Zelda på nettet, sidan det kan vera litt vanskeleg å få tak i i butikkane; endå eit enormt supertbra tips.
- Få lekser og skulearbeid unnagjort, og vera meir effektiv på det feltet; vel, eg sit og skriv dette innlegget istandefor å lesa til prøve, så...

Okei, det vart ein del tøv her, litt (ikkje fullt så godt) skjult propaganda, men rekn dei fyrste punkta som realistiske (dagens nøkkelord).
Takk for meg, personen som har bursdag den 23. februar og har klart i minnet kva han ynskjer seg til den store dagen.

tirsdag, januar 02, 2007

Topic

Er det nokre som kjenner seg brydd? Eller er det rett og slett ikkje alle av oss som trur me er morosame? Ligg nokre på eit høgare intelektuellt nivå?

Eg vil i allefall be om, for å vera samfunnsmessig korrekt, om å korrigera topicen til noko som er meir inkluderande og likestillande.

Godt nyttår.

Gjenblikk frå unge, lovande Drange

Som trufast lesar, men noko laber bidragsytar til denne bloggen over lenger tid, sat eg her med ein noko tom kjensle. Under middagen i dag las eg på kalendaren ho mor fekk til Jul, og der stod det å lesa:

Starten på det nye året er en unik mulighet til å begynne et nytt og bedre liv
Etter lenge grunning, fann eg ut at ein måte, kunne vera å opna kjenslelivet mitt att, slik eg ein gong gjorde i denne bloggen.

Vel. Lat oss starta med ei nyhendeoppdatering. Hovudsakene er som følgjer:
  • Livet på Framnes
  • Livet på Tysnes
  • Undersøkingar syner at Framnes er betre enn Lundeneset
  • Nye straumingar innan det kultiverte livet mitt
Først av alt vil eg gjera Dykk merksam på at det kan dukka opp skrivefeil innad i denne oppdateringa, då eg kjenner meg svevnfull.

Livet på Framnes fortonar seg som det har gjort ellers. Eg held framleis fast på følget mitt, og me har det storarta i lag. Eg er rimelig lei av å tala gode ord om denne skulen, men eg vil be Dykk ta ein tur innom htttp://www.framnes.vgs.no for litt informasjon om skulen. Det kan vera av stor interesse for nye søkjarar.
Terningkast: 6

Livet på Tysnes
er storarta. Eg har nett sett min menneskekropp i feriemodus, og no er det snart "på an igjen". Trass i at Tysnes er råttent tvers igjennom, når det gjeld intelektualitet, kultur, og liknande, er det ein super stad å vera, dersom du ikkje har ein så framtonande figur.
Terningkast: 6

Lundeneset vs. Framnes. Som eit åttak på Thomas, vil eg seia det at Framnes har eit mykje betre rykte på seg enn Lundeneset. Du får eit lukkelegare liv, dersom du byrjar på Framnes.
Eg gjev
Terningkast: 6 her og, for å fremja likestillinga på fleire nivå.

Kultur. Eg spelar stadig gitar, og på mine eldre dagar er eg heller ikkje redd for å dra fram bassgitaren. Det har faktisk gått så langt at eg spelar bass i fleire band enn eg spelar gitar i.
Elles er det jo ei stor glede for heile verda at Beatles - Love er ute. Denne plata må anbefalast på det varmaste!
Terningkast: 6

Takk for meg. Korleis står det til med deg?