Etter etterspørsmål, blir det ein liten oppdatering ifrå Lundeneset, òg kjent som "Neset" i lokalbefolking sin munn:Ja, eg kan vel starta med presentere meg, ein må jo vere litt høfleg, mitt namn er Thomas. Eg er ein vanleg student som går på ein kristen internatskule i Ølensvåg, nord i vårt nabofylke; Rogaland.
Der har eg for å sei d slik: alltid vore si eg flytta der til. Eg har kun vore heima i nødstider(når eg ikkje får lov til å vere på skulen. Dvs t.d. ferier). Dvs eg har vore heime to gonger, og ein tur til Bergen, si eg starta midt i august i år.
Jaja, nok om det. Dei siste 3 månedene mie har vore dei beste månedene eg har hatt. Dei har eg delt med Anne, min sjelevenn, òg kjent som kjæreste i folkemunne(fantastiske måneder).
Og i mars skal ein del av skulen til Tyskland, Polen og Tsjekkia, på ein studietur som ein kan velge. Heldigvis skal òg Anne der(happy). Turane ein kunne velge mellom var visst 1. Noreg, 2. Tyskland, Polen og Tsjekkia, 3. Hellas, 4. Spania, eller 5. USA.
Eg kan vel fortelle litt om internatlivet der(For ei uvitne: internat=eg bur på skulen): Eg bur på ei brakke. Det kan høres litt banalt ut, men det er ganske fint der. Me er tre stykker som deler eit bad, eit kjøkken og ei stove og ein liten gang(+ soverom). Det er berre tre små brakker fordelt på 9 pers(3 i kvar), mens resten av internata er vanlege gangar med mange dører til soverom. Nokre av soveromma er kanskje litt små for dei bortskjemte i 1.klasse, men eigentleg er dei ganske greie. Dessutan kan ein trøyste seg med at ein får det betre etter kvart som åra går. Eg derimot bur på ein fantastisk plass, som nemnt; "brakka".
"Brakka" er ein ganske kjent plass for dei lokale der. "-Ska me gå i Brakka", blir som regel sagt minst 10 gonger til dagen. Og dei gongene me ikkje seier det, er me i brakka. Ganske logisk eigentleg.
Stamgjestene i "brakka" er ein liten gjeng som held saman i gode og onde dagar. Me kan finne på ein del ting saman. Og det er det som er så kjekt med internat, du kan finne på noko heile tida. Det er alltid folk rundt deg som du kan finne noko på med. Og viss du vil vere åleine er det berre til å låse døra(hehe).
Dersom du treng hjelp til lekse(skrive av) er det alltid nokon som har gjort leksene minst ein dag føre. Men og helst natta føre, då eg plar gjere leksene.
Folk er jo så galne etter LAN, eller å linke som me seier. Det gjer me heile tida. Kvar kan du spørje? I brakka sjølvsagt! Alle tar med seg sin PC, som vanleg er det ein bærbar, så ein slepp å drasse på så mykje. Tar den med i brakka, og der sitt det minst 2 stk heile veien(meg og min eine romkamerat). Ganske kjekt.
Så var det maten. Matsalen er min gode venn, utenom steikeomna som står på kjøkkenet i brakka. Men matsalen er den plassen maten blir satt ut på eit bord slik at me kan forsyne oss me kva me vil, og kor mykje me vil. Neten som eit koltbord. Matsalen er, som sagt, difor min favoritt plass. Kven kan vel leve utan mat?
Har eg lekser, kan ein spørje? Ehm.. nei! Me i medium og kommunikasjonsklassen min plar heller få prosjekt. Og det kan vere meir lærerikt enn vanlege lekser. I tillegg lærer ein å samarbeide med andre. Som er positivt sidan me snart skal ut i arbeidlivet.
Vel, eg skriev berre mykje bull som eg kom på. Er det noko meir du lurer på, er det berre til å spørje.
PS.
Gutar: Det er ganske mange jenter som går der. 115 jenter av 165 elevar. Gode utval, eller kva?
Jenter: Beklager, eg er opptatt.
OBS! Eg veit at dialekta mi er heilt annsleis enn kva den burde ha vore. Men sjå no helst vekk ifrå det.
Takk for i dag, og godt nyttår!