torsdag, desember 21, 2006

Tysnesnytt

Medblogger Ane har sagt ifrå at det er på tide eg oppdaterer denne bloggen, så no vil eg skrive om avisa "Tysnes" og kva "interessante" saker mamma og pappa fann der.

Fyrst vart mamma ganske sjokkert over at landsbygda (Tysnes) sin "einaste" (mykje hermeteikn (og parentes) her i dag) homofile no har greidd å få barn. Det var korleis han greidde det som var mysteriet, men det viste seg til slutt at han har fått det med ei venninne og dei skal ha delt omsorgsrett eller noko sånt. Men det som verkeleg sjokkerte mamma var korleis det hadde gått 9 månadar utan at ho hadde høyrt om det.
Eg var sjokkerte over at avisa brukte ei heil side på denne saka.

Så pappa: Kort og greitt, han fann ein skriveleif i annonsane, der det eigentleg skulle ha stått "Tysnes Sparebank", men i staden for berre stod "parebank" :p

Synst begge sakene var ganske festlege, men seier nesten litt for mykje om nivået her på Tysnes (velkjend uttrykk).

3 Comments:

Blogger Ane said...

haha, det var en vakker post!

fredag, desember 22, 2006 11:33:00 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Men det verste var at avisa forsvant etter ca 1,5 dag.
Sensur eller bokbål?

manmma Britt

Ps: det med dei 9 mnd stemmer ikkje!!

torsdag, januar 04, 2007 10:27:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Men det verste var at avisa forsvant etter ca 1,5 dag.
Sensur eller bokbål?

mamma Britt

Ps: det med dei 9 mnd stemmer ikkje!!

torsdag, januar 04, 2007 10:28:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home