tirsdag, juli 18, 2006

-Karl Johan er for stygg

Eg har lagt merke til at no i sumar vert det lagt meir og meir vekt på turismen i Noreg, og det er kanskje mest Aftenposten som går inn i saka og tar opp problem og positiviteter (nytt ord?) med det heile.
I den nyeste saka kan ein lese om at turistane vert dirigert vekk ifrå hore- og narkotikastrøkene i Oslo, det dei kaller dei forsøpla gatene; saka er å finne her.
Det heile kan virke litt horribelt, og plasserer samfunnstaparane som ein stygg byll politikarane ikkje gidder å gå til legen med.
Om det er relevant i ein stemningsrapport kan diskuterast, men det heile er sett frå eit politisk standpunkt, og tar opp fleire tema om Oslo by.
Uansett, ein del digresjonar der, eg ville berre nemne ein ganske artig kommentar frå ein fransk turist om dei dårlege strøkene:
Vi har det samme hjemme

Eg skal ikkje bry meg med å seie meir om saken, det er allereie sagt.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg synest at du burde laga ein samling av alle desse nye orda som du finn på heile tida, Ketil...

fredag, juli 21, 2006 4:57:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home