lørdag, juli 15, 2006

Grow Cube


Noko av det deiligaste med ferie og gylne tider er å gje blaffen i alt og sløse bort tida på meiningslause ting ein finn på nettet.
Og i dag fann eg herleg puslespel der ein skal byggje sitt eige økosystem, utan noko særleg besvær, bortsett frå å velje dei rette tinga i rett rekkjefølgje.
Det tok meg nokre forsøk, men resultatet var eit ypperleg sceneshow av den litt sære og sjarmerande typen, og ikkje minst utruleg tilfredsstillande etter mykje forsøk og feiling.
Spelet følgjer sin eigen type logikk (Dersom Darwin hadde vore ein komiker-typen), men er heller ikkje heilt uforståeleg.
Herlegheiten finn du her