torsdag, mai 25, 2006

Gøy på landet...

Litt om internett:

I dag sendte pappa handlelista ned til mamma ned e-post, sånn at ho må printe den ut der i staden for at han printer den ut hos seg sjølv. Eg pleier å skrive lista i handskrift; det enkle er i dette tilfellet det beste.

Når ein av våre tre (!) trådlause telefonar er aktive detter internetten ut. Det minner meg om tilstandene i steinalderen der ein ikkje kunne snakke i telefonen og vere pålogga samstundes.

På alle moglege måtar lever me på landet i 1996.
Herligheit, me har jo ikkje McDonald`s eingong.

onsdag, mai 24, 2006

"Huff for et hoff: Kokk fikk nok"

Blant dagens bt sine store og små nyhende fann eg ein liten sak ang. det danske hoff sin japanske kokk sin oppsigelse (ei nynorskordbok, takk, ja) fordi han var så lei av å måtte servere ferdigmat tilberedt i mikrobølgjeomn.
Og denne gongen var det faktisk ikkje saka, men overskrifta som briljerte med "Huff for et hoff: Kokk fikk nok". Denne detter lett inn blant topp ti av tåpelege overskriftar.

mandag, mai 22, 2006

"Ei stikkpille"

Det har oppstått ein god del døve oversetjingar i overgangen frå engelsk til norsk, og dei aller fleste finn ein på TV, helst på dei tåpelegaste programma.
Og i dag fann eg den døvaste av dei alle - "A pain in the ass" vart så elegant oversatt til "Ei stikkpille", ein liten anekdote me kan le godt av ei god stund framover :D

søndag, mai 21, 2006

Ein liten stemningsrapport og andre ting det passer å nemne

Eksamen i morgon. Som nemnt tidlegare har eg i den anledning forvandla meg til ein ferierande julenisse, men eg tar det vel igjen til sumaren (eller ikkje).

Før dette innlegget dukka Hanna Transport opp med ein leveranse frå jorunn Søster, som innehaldt blant anna ein brødrister og skrivar (takk, Jorunn!), delar av ein seng, hønsenetting og ei unødvendig tung øskje (takk, Jorunn...).

Elles går det veldig travelt for seg på dei fleste kantar, deriblant kyrkjejublièet som var denne helga (mmm, vaflar) og englandsturen neste helg (mmm, vaflar).


Og det var alt (trur eg)!

fredag, mai 19, 2006

17. mai og eksamenstider

Eg må ha lagt på meg i alle fall 20 kg...

lørdag, mai 13, 2006

Dagens

Irans president Mahmoud Ahmadinejad oppfordrer Vesten til ikke å være bekymret for landets atomprogram. - Ha det heller gøy, sier han.

Dei fleste avislesande kvinner og menn har nok allereie snappa opp denne artige lille godbiten på Aftenposten si nettside i dag, men eg synest likavel det var så bra at eg måtte publisere det på vår lille amatør-blogg.
Sjølve saka finn du her

tirsdag, mai 09, 2006

Eit av mine yndlingssitat

"Computer games don't affect kids, I mean if Pac-Man affected us as kids, we'd all be running around in darkened rooms, munching magic pills and listening to repetitive electronic music."

mandag, mai 08, 2006

Ei overskrift

I dag er det så fint ver at eg ikkje gidd å bruke meir tid på dette innlegget.