onsdag, august 03, 2005

Fjolls til by'n

Vel, no sit eg her, i Stavanger, og har ein fornemmelse for nostalgi.
Grunnen til det er at denne maskina har windows 95 og truleg den aller fyrste versjonen av msn messenger. Reine steinalderen.
Når det gjelder kva eg har opplevd på desse to dagane i Gale-land, så har eg no i dag vore på eit "cruise", som onkel Helge meinte var ein verdig tittel til snekka me var på. Fekk no iallefall sjå preikestolen.
I morgon skal eg på kvadrat og handla skrap, og på fredag skal me ut på by'n, som dei så delikat kaller det, og sjå på gamle ting i museum og sånt.
Litt slektsbesøk og kaffedrikking er sjølvsagt ein del av pakka.
Me kjeme heim på laurdag, og ikkje rekn med fleire referat frå turen.
Dette skriver eg for å få eit tidsfordriv no om kvelden.

Men det er ein ting eg må få seie: Stavanger er skikkeleg flamongo!