Skumma melk
I dag opna eg kjøleskapsdøra som vanleg for å henta ut melkekartongen slik at eg kunne drikka litt av min daglige dose av den kvite væska. Eg la merke til at Tine hadde skifta design på lettmelks kartongane og lurte på om eg skulle blogga litt om det. Men før det la eg merke til at melka smakte rart og eg lurte på om eg var blitt forkjøla, for eg følte meg litt uvel etter denne hendinga.
Seinare høyrde eg nokon seie: -Noken har drukke opp all melka til bestemor!
(broren min skulle køyra forbi og gje den til henne på Flatråker)
Plutseleg skjønte eg kvifor frukostblandinga mi såg så rar ut. Pføy!

3 Comments:
Øøøøøhm........
Vel, må di bestemor ha ein spesiell type mjølk, eller drikker gamle mennesker gammel mjølk?
Dei eter jo gammel ost.......
Nei, no fekk du meg til å føla meg dum..
Jaja. Det er no ferie.
Les overskrifta, Ketil ;)
Eg elskar skumma mjølk, det er den einaste typen mjølk som er drikkande! Det er liksom vatn, men det smaker litt mjølk. Nett passe. Mmmmm!
Vent litt, betyr dette at eg er blitt gammal??
Ja
Legg inn en kommentar
<< Home