søndag, juli 31, 2005

Det var den handa

Eg, og kameraten min, ved namnet ”Eksblogger-Røjan”, hadde nettopp vorte ferdig med dagens jobb som servitør. Me hadde vore servitør i eit bryllup, på eit slags ”motell/hotell”. Eg veit ikkje kva eg skal kalla det. I alle fall, me vart ferdig klokka 3 om natta, vel kanskje nærmare halv 4.

Me hadde venta lenge på å bli ferdig. Me hadde jobba så lenge, skjøna du. Me sprang inn på rommet våras, tok på oss badebuksa, og sprang ned til vatnet som var attmed ”motellet/hotellet”.

Over vatnet var det ei blanding av tåke og mørke. Sjølve vatnet grumsete, og vanskelig å sjå i, men var forundrande varmt. Varmare enn forventa.

Det var da! Det var da det skjedde! Det var da eg hadde komen meg opp til overflata. Noko tok tak i foten min. Det kjentes ut som ei hand. ”Eksblogger-Røjan” trudde eg tøysa, som eg vanlegvis gjorde, men ikkje denne gongen. Eg fekk så vidt trekt pusten, kanskje ikkje nok?

Handa drog meg langt ned. Eg var nødt til å prøve å opne augene for å sjå kven, eller kva som drog meg nedunder vatnet. Men vatnet var for grumsete. Det var berre mørke eg såg, men ein del lys ganske langt oppe. Det vil sei ved toppen av vannoverflata. Eg tenker meg at eg var 4-5 meter under vannoverflata. Ganske nifst, om du tenkjer på det litt!

Eg kjente at lufta begynte å ta slutt. Og no var eg desperat på luft! Eg tok tak i handa som holdt meg i foten, beit så hardt eg kunne. Handa slapp og eg svømte det fortaste eg klarte, opp til overflata. Med ein gong eg kom til overflata, hoppa eg nesten opp frå vatnet til flytebrygga. Der stod ”Eksblogger-Røjan”, og han sa:

- Wow! Du holdt pusten lenge!

Han sa noko meir, men det fekk eg ikkje med meg. Eg var i sjokk Andpusten og sliten!

Eg vil alltid huksa den gongen eg nesten drukna. Og eg vil aldri bada i det vatnet igjen. Ikkje i heile livet mitt! Kanskje ikkje bada i i da heila tatt?

Politiet har ikkje funne ut kva som hadde skjedd i saken, og ser fortsatt etter lik som skal ha vert i eit vatn ved ein leirplass i Sveio! ”Morderen” kan fortsatt vere på frifot! Pass på neste gong du bader!