Ketil i storbyen
I dag har det vore ein artig dag, med ein god del inntrykksfulle opplevingar.
Eg skal ikkje fortelja om dagen min kronologisk steg-for-steg, men heller nemna nokre av inntrykka mine frå storbyen.
For i dag har eg vore til den store byen Bergen med Miroslav.
Det fyrste eg la merke til, var ein mann i dress som hadde buksa så langt oppe, at ein kunne sjå han under (der i den kløfta). Syke, syke mannen!
Me traff på ein gammal kjenning på begge ferjereisane, sjølvaste Aleksander Sæløen.
Me diskuterte kampsport, språk og mat, og me skal ein gong i framtida spela litt saman.
På instrument. Musikkinstrument. Sånne som lagar lyd.
Eg og Miroslav hadde det moro med å finna fram til dei tre spredde musikkforretningane i byen, og parkeringshuset me parkerte i. Eg er takksam for mine bein.
Etter masse prat (monolog) om utdanning avslutta me dagen med ein interessant tur på Lidl.
Eg kjøpte ingenting. Nok om det.
No lagar eg meg pizza! Nammm!!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home