mandag, mai 23, 2005

Sosialt på bass-øving:)=)

Eg må nesten få ned på papir kor kjekt me har det på bass-øving. Me, altså eg og Jørgen samlar beina og snublar over dørstokken til "Hos Hanne" kvar måndag. Men idag var Ketil og Maria med. Det var veldig kjekt:) Eg høyrte Maria bak meg heile tida, ho lo av alt Roger sa til meg. Og Ketil og Roger diskuterte om utanlandske komponistar med merkelige verk. Det er underhaldning i seg sjølv. Men tilbake til bassøvinga. Det er ufattelig morosamt, kjekt, lærerikt, underhaldane, musikalt og slike ting på bassøving. Roger, basslæraren vår, er heilt genial! Han er så musikal som det går an å bli, og ein får nesten gåsehud kvar einaste gang han spelar, anten på vanleg akkustisk eller bassgitar. Han er jysla morosam, humoristisk og han er seg sjølv, og er ikkje redd for å vise det. Det er det som er så positivt med han, pluss at han ser veldig tøff ut. Kvar einaste bassøving held roger "foredrag" om noko. Så vidt eg kan hugsa har han holdt "foredrag" om røyking, han seier at røyking er svært farleg og skadeleg mens han tek seg eit digert drag og nyt det fullt og heilt ut.. Om narkotika, sex, Led Zeppelin, Flea, syklar, ulike bass merker og andre "normale" emner.

Kvar einaste mandag kjem Bjarte, eigaren av lekebutikken til syne i døra og demonstrerer med kroppen at me skal ta det lavare. Roger har faktisk ikkje skjønt enda at me har det jysla høgt på når me spelar. Han er visst svært tunghøyrt. Lika morosamt kvar gong Bjarte kjem og vil at me skal dempa lyden, Roger blir så sur av det, og ein gang vart han så deprimert av det at han bokstaveleg talt kasta bassen på bordet. Hehe..

På bassøvingane "Hos Hanne" får ein til og med servert mat! No ler du vel, Thomas.. Haha.. Veldig morosamt.. Me får servert anten ein eller annan kakesort, middagsrett eller liknande. Ein mandag trua han oss med smalahove. Men då berre lo han og kom inn til oss med Wales kringle. Ein gang fekk me eplesaft servert oppi eit ølglas. Det såg heilt ut som øl. Det morosamaste med den mandagen var at det var ei gammal dame som stod utanfor døra ved "Hos Hanne", og såg forskrekka inn. Ho såg selvfølgelig inn akkurat då eg og Jørgen pimpa resten av "ølet". Hehe.. Ho såg ikkje heilt god ut, og skyndte seg vekk frå døra og fortalte nabokjerringa at "Han der Roger gjer ungdommen øl"!! Hehe... Men me tok selvfølgelig alt med ein god latter. Roger vart ikkje så bekymra av det, han sa at han var vant med sånt "kjerringsnakk" om han.

Ein kan gjere mykje rart på ei bassøving. Dei merkelegaste tinga me gjer er å spele fotball på kjøkenet, le av alt og ingenting, skrika at dassen holde på å eksplodera, sjølv om det eigentleg var gassen, men det kan eg ta ein annan gang. Og slike daglegdagse opplegg. Eg har mange flotte minner av denne vekendtlege bassøvinga, det har vore vekas høgdepunkt. Berre synd at det var siste obligatoriske gang idag:( Snufs.. Eg kjem til å savne Roger, det har vore ein fornøyelse å vorte kjend med han:) Eg rådar alle til å ta seg ein tur innon "Hos Hanne". Det er absolutt verdt det. Hanne må eg og sjølvsagt skryte av. Ho lagar fantastisk god mat! Kjem til å savne roger, som sannsynlegvis ikkje kjem til å vere basslærar eller gitarlærar til neste år:(

Takk for meg..

11 Comments:

Blogger Hanna said...

men... detta e ikkje papir, e da vel? eller har du ein sånn løyen data?

tirsdag, mai 24, 2005 3:47:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Silje e søt!

tirsdag, mai 24, 2005 5:29:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Anonym er Vidar, kan eg vel tenkja meg. Etter å ha klaga på kor dårleg denne bloggen var, så kjeme han framleis tilbake.

Det er fint at du i heile skriver noko på denne bloggen, men eg må seie meg einig i at det var litt meiningslaust, til å vera så langt.
Med andre ord, du kunne sagt det same i eit litt mindre innlegg.
Og det er det som er poenget.
De kan klaga så mykje de vil på at mine og Thomas sine innlegg er meiningslaust tull, men i så tilfelle så korter me dei ned.
tru det eller ei, men mitt innlegg om E3 (lenger nede) er er faktisk korta til det halve.

tirsdag, mai 24, 2005 5:37:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Og det var koseleg å sjå at Hanna har gjort eit comeback!

tirsdag, mai 24, 2005 5:38:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

*grrrrrr*

tirsdag, mai 24, 2005 5:48:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

No har eg fått veta av ei truverdig kilde at denne anonyme kommentatoren kan vera mi kusine Rebekka.

Vedkjenn di synd!!!

tirsdag, mai 24, 2005 8:15:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

da e meg..vidar..bloggen er faktisk utruleg bra!

tirsdag, mai 24, 2005 9:12:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Ja. Og for å vera frekk, så meine eg at det er vår forteneste, og det har vorte betre sidan eg kasta Dei Udugelege.
Eg trur ThJomas og Silje tok det som eit varsel.

tirsdag, mai 24, 2005 9:52:00 p.m.  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Men Silje, du seier at dette skal vere gode minner som me kan mimrast over om ei stund, men om ei stund så er det nok sannsynleg at ditt innlegg er erstatta av ein haug med tåpelege innlegg frå oss andre.

Eg veit ikkje kefir eg skrive dette, men eg fekk så lyst til å knusa ditt eine, lille argument.
Det er sånn me er, me frå Breidablikk.

tirsdag, mai 24, 2005 9:58:00 p.m.  
Blogger Hanna said...

Eg syns òg at innlegget var langt og meinigslaust. Eg var skremt i frå å lesa dei andre lange innlegga. Eg syns de burde setja ein advarsel på innlegga, om dei har eit poeng eller ikkje. Slik som eg og Jorunn gjer dersom me skriv om ICA.

fredag, mai 27, 2005 10:32:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Det er bra du å Fetter-jørg-1 har det det sosialt på bassøvinga! For som vi alle veit fins det jo ikkje nåke mer sosialt enn å ha det sosialt!

onsdag, juni 01, 2005 3:37:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home