søndag, oktober 07, 2007

Oppdateringar når eg ikkje vil gjere lekser

Av og til forbauser eg meg sjølv med evner eg ikkje visste eg hadde - dette kjem særleg fram på hybelen når eg ikkje har hatt tid eller høve til å kjøpe inn noko av mat og skapa er heilt tomme, for eg finn alltid noko eteleg; sidan middag på Tysnes klokka 2 i dag har eg levd på kaffe te, og til kvelds skal eg ha kokt ris.
Eg burde hatt eit eige program på national geographic ala dei "survival techniques"-programma der eg lerer unge, single menn å leve åleine for fyrste gong i livet sitt.
Ser allereie for meg høgdepunkt som "kor ein finn all maten - butikkane" og "grandiosa -korleis vere tidseffektiv". Jassåmenja. Men eg eter sunt, berre sånn at det er sagt.

I morgon er det skule att, og etterpå (eller i pausen - me har latterleg lange pausar på skulen) skal eg kjøpe meg ovn til hybelen. Frode skrur ikkje på sentralvarmen før i november, og i mellomtida vil eg halde meg varm. Har allereie funne meg ein liten, frekk ein.
Så skal eg finne ut av denne fælslege lukta som har bebudd hybelen så altfor lenge.
Eg og Frode tar saka, og er på sporet med våre vasstette teoriar. Derfor har han leigd inn nokon som kan finne årsaka; eg gler meg ærleg talt til den dagen.
Foreløpig sit eg her og frys og gjer lekser. Men livet er ikkje så gale.