søndag, august 12, 2007

Bergansk

Eg har framleis litt att av mine hardt fortente pengar etter diverse småjobbar i sumar, og mi materielle hunger har - som den gjer ganske så ofte - slått til igjen.
Hausten er på anmarsj, som tyder på stormfulle tider i Bergen by, og bøttevis med evigvarande regn, noko bergensere aldri kan få nok av.
Så eg vil ha ein bergans! (Eg vil, eg vil, eg vil!)

Eg har funne meg ein ganske rimeleg ein (berre 2450,- , oboy oboy!) og skal på måndag ut på klesjakt saman med søster Jorunn, som tilfeldigvis òg har fått auge på noko bergansk - trur nok ikkje det er tilfeldig, snarare materialistisk lukkerus, ein vond sirkel.


Så; har DU eit kjøpeprosjekt på gong?
Ein ny pc, nytt kamera, kanskje, eller har du berre forferdeleg lyst på ein plass å oppbevare all sminken? (kven har no ikkje det, forresten?)

onsdag, august 08, 2007

Berre ein test

Eg kom over ein (kanskje) ganske nyttig test på aftenposten.no i dag, som hjalp deg med å finne det partiet DU burde stemme på til hausten.
Ja, så har eg kanskje ikkje stemmerett endå, men det hindra meg i alle fall ikkje ifrå å kave meg gjennom alle dei dagsaktuelle sakane - for så mykje fritid har eg for tida.
Vanlegvis ville eg ikkje brydd meg med å bruke meir på tid på noko sånt med å skrive om det etterpå, men syntest eg burde gjere det denne gongen, etter å ha sett resultata:

Ja, dei meiner SV er partiet for meg, eit parti eg gjerne set av litt tid til for å avsky sånn av og til.
Eg synst berre ei kulturelite er like arrogant som Høyres utdaterte borgarskap.
Og når me snakkar om sola, bortsett frå mine ganske så overraskande sosialistiske standpunkt (RV på tredje?), så fekk prøven elles rett med partiene i den rekkjefølgja eg ville stemt på dei, kanskje var eg mest nøgd med 55% på Venstre.

Så, kva stemmer du til hausten?
Eg gjer det ikkje.